www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Familien Gnork av Thoralf Fagertun

Page 1

UTDRAG FRÅ:

101

Familien Gnork

Thoralf Fagertun

Illustrert av Line Halsnes

Samlaget 2022

VENNSKAP

Martin, bestevenen til Tom ligg halvdaud på sjukehuset. Tom saknar han og vil at han skal bli frisk tidsnok til den viktige fotballkampen mot Preben og dei andre klysane. Ein dag begynner det ein ny gut i klassen, Kompis Gnork. Kompis har eit dyr i sekken. Kva for folk er eigentleg Kompis og resten av familien Gnork? Og kva gjer ein gedigen krokodille i kjelleren deira? I utdreget møtast Tom og Kompis, og Preben klysar seg.

1 Kompisar

MYSTERIER

– Mamma er kannibal.

Den nye guten ser bekymringslaust utover klassen, som om han akkurat har sagt noko aldeles daglegdags. Læraren humrar så vidt.

– Du er ein spøkefugl, Kompis, seier han.

Sett deg ved sida av Tom.

102
HUMOR
TEGNESERIE FOTBALL FANTASY GRØSS IDENTITET UNGDOM
DYSTOPI

Eg skvett, sjølv om eg veit at den nye guten skal sitte ved sida av meg. Stolen har vore tom lenge, og Martin kjem ikkje tilbake med det fyrste.

Martin og eg har vore bestevener heilt sidan vi var fem år og gjekk i barnehagen. Vi klatra i tre, spionerte på naboar, spelte TV-spel og såg filmar vi var for små til å sjå. Men mest av alt spelte vi fotball.

Då vi begynte på skulen, starta vi på same fotballag. Vi spelte turneringar og kampar, vi trena saman med andre og for oss sjølv. Vi blei større og betre. Martin og eg var i lag kvar dag, alltid. På skulen og på ettermiddagane. Og det handla som regel om fotball, enten vi spelte sjølv eller såg andre gjere det.

Så begynte Martin å tape løpsduellar han før hadde vunne. Han blei så sliten at han ikkje klarte å

103

spele meir enn fem minutt om gongen. Etter kampar låg han berre heime og orka ikkje bli med ut. Noko var riv ruskande gale.

Ein ettermiddag ringde pappaen hans til meg.

– Martin er alvorleg sjuk, sa han. – Han må vere på sjukehus lenge.

Og sidan då har Martin vore på sjukehuset. Og stolen ved sida av meg i klasserommet har stått tom. Heilt til Kompis no set seg på han.

Han strekker handa ut mot meg.

– Eg heiter Kompis. Kompis Gnork.

– Eg er Tom, seier eg.

Læraren ber oss ta opp skrivesakene. Eg stikk handa ned i sekken og fiskar fram pennalet. Kompis er ikkje like effektiv. Han lar handa sveve over sekken i små sirklar medan han fører henne sakte nærare opninga.

Ikkje bra, tenker eg for meg sjølv. Fyren er tydeleg sprø.

Plutseleg skyt han handa ned i sekken og røskar henne til seg igjen eit millisekund seinare. Som ingenting legg han eit raudt pennal på pulten.

Eg måpar. Kompis oppdagar grimasen og kikkar

bekymra bort på meg. Så lener han seg mot meg og

kviskrar:

– Kan du halde på ei hemmelegheit?

104

Eg nikkar. – Sjå her.

Han ser seg rundt for å forsikre seg om at klassen ikkje legg merke til oss.

Spionsakte bøyer eg meg fram og kikkar ned i sekken hans.

Fyrst ser eg ikkje noko – alt er svart. Så begynner eg å skilje bøker frå kvarandre. Eg synest eg høyrer ein kvesande lyd, og blinkar det ikkje i noko gult der nede ein stad?

105

Jo, no ser eg tydeleg noko gult. Det er to stirande auge, med smale, ovale pupillar. Ei raud, kløyvd tunge fer ut og inn under to små nasebor. Brått er eg ikkje i tvil om kva eg ser: ein meterlang slange ligg kveila i botnen av sekken, han har raude og gule striper i sikksakk bortetter kroppen. Han ser berre heilt ufatteleg stilig ut.

– Han heiter Hoggtass. Eg vil ikkje la han vere aleine heime fyrste dagen, forklarer Kompis.

– Er han giftig?

– Bit han deg, kjem du til å blø frå alle kroppsopningar og døy ein forferdeleg smertefull død i løpet av fem minutt.

Eg nikkar sakte.

Så smiler eg for meg sjølv.

Eg har funne ein ny kompis. Eg håpar berre at han er glad i fotball.

106

2 Klysekongen

Museflettene til Preben dansar lystig medan han spring. Den rike klysa okkuperer den eine sida av bana saman med sjamporeklamevenene sine. Eg går til den andre sida og håpar at han ikkje har sett meg.

107

Så godt som kvar dag er eg på fotballbana om ettermiddagen. Det er dei fleste andre òg. Før han blei sjuk, var sjølvsagt Martin her saman med meg.

Dessverre oppdagar Preben meg nesten med ein gong.

– Hei, Tom! ropar han. – Tom! Toooooom! Sjå på dei nye skoa mine.

Preben kjem joggande bort til meg og gliser fælt. Tannbleikinga er såpass heftig at det svir i auga mine. Museflettene hoppar opp og ned, som om dei lever sitt eige liv og er idiotar, dei òg.

– Pappa kjøpte skoa til meg i USA, forklarer Preben.

– Dei kjem ikkje til Noreg før om tidlegast eit halvt

år. Så fekk han namnet mitt sydd inn med gulltråd, sjå!

Eg ser. Skoa er vedunderlege.

– Eg skal score seks mål i kampen mot dykk, så kan du sjå kor bra dei er.

Han flirer og kastar på museflettene.

108

Eg håpar du blir eten av ei krokodille, seier eg. Preben flirer endå meir.

Å, Tommetass, du er ein festleg liten stubbe. Men no skal du få trene i fred, for det treng du verkeleg. Hei på deg!

Så joggar han av garde på dei fantastiske skoa sine.

Preben er ein rik, bortskjemd fjott. Han er òg god til å spele fotball. Kjempegod, faktisk. Dei rikaste

foreldra i byen gjekk tidleg saman om å starte eit eige lag for ungane sine, slik at dei skulle sleppe å menge

109

seg med oss andre. Dei leigde inn proffe trenarar og kjøpte det beste og dyraste utstyret på marknaden. Sjølvsagt blei dei gode, heile gjengen, og vi taper alltid kampane mot dei.

Vårt lag består av alle gutane i bydelen som ikkje kjem frå kjemperike familiar. Nokre av oss er gode, nokre er heilt greie, og nokre er beint fram ræva, men det siste året har vi trena meir og hardare. Eg merkar at laget har blitt mykje betre. No har eg faktisk trua på at vi kan slå dei rike klysene.

Vel, eg hadde trua. Før Martin blei sjuk. Martin er det største fotballtalentet i byen, han er endå betre enn Preben.

Eg triksar litt, tar eit par jorda rundt og legg ballen død på nakken. Han rullar av. Om ei veke skal vi spele den viktigaste kampen i verda, mot Preben og dei andre rikingane. Eg nektar å tape mot den busegjengen ein gong til. Martin berre må bli frisk til kampen. Eg gjer kva som helst for å få han opp av sjukesenga i tide!

– Hei, Tom!

110

Eg snur meg. Det er Mia. Ho likar Martin, og Martin likar henne.

Korleis går det? Du ser ut som ein trist liten frosk.

Gje meg eit innlegg, seier ho.

Eg nikkar. Ho er mykje betre enn dei fleste spelarane på laget til meg og Martin.

Ho tar plass i boksen. Eg legg eit perfekt innlegg. Mia stig til vêrs og stangar ballen i mål så det syng i nettingen.

Så høyrer eg plutseleg noko som summar iltert. Eg snur meg. Ein drone kjem flygande rett mot meg, og eg må kaste meg unna for å ikkje få han midt i nasen. Eg blir sittande og stire på den vesle doningen, då ein varm pust kitlar meg i øyret. Det luktar sommarblomstrar og mint. Preben er tilbake.

– Tom, kviskrar han, med leppene nesten inni øyret mitt. – Eg gløymde å fortelje deg om den nye dronen pappa kjøpte til meg. Han er heilt utruleg dyr. Eg bruker han til å filme meg sjølv når eg trenar, så eg kan sjå kor vakker og stilig eg er.

Eg lukkar auga og sukkar. Hadde Martin vore her, ville vi kjeppjaga Preben tilbake til millionvillaen hans.

– Eg høyrer at du har overtatt kapteinsbindet no som Martin er borte, seier Preben og flirer. – Du, kaptein?

111

No blir det jo for enkelt å slå dykk.

Preben blunkar til Mia.

– Hei du, vesle snuppedyr, seier han.

Mia viser han fingeren. Preben hiv eit slengkyss til henne og gliser paddebreitt. Så plukkar han opp dronen og trippar ubekymra av garde.

Eg legg inn på nytt. Ballen fyk ti meter bak mål.

Mia ristar på hovudet og kjem bort til meg.

– Skal du besøke Martin? spør ho.

Eg nikkar.

– Hels han frå meg. Og du, ikkje bry deg om Preben. Han er ein fjott.

Så forsvinn ho bort til nokre lagveninner som har dukka opp.

Eg set kursen mot den verste plassen i verda.

112
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.