www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Trollmoll Åshild Moldskred

Page 1

UTDRAG FRÅ:

18


GRØSS

TROLLMOLL ÅSHILD MOLDSKRED

Birk og mora skal bu eit år hos morfar Leif Kåre. Nabo­ jenta Ada og Birk er vener, og Ada er interessert i bøker om hekseprosessar og historiske hendingar. Snart begynner underlege saker å skje, og Ada meiner det må vere Troll­ moll som er på ferde. Ho seier at Trollmoll berre er noko som finst her på øya. Birk er skeptisk og litt redd, men trur at det som hender, må ha ei naturleg forklaring.

Birk Birk gnei seg i dei trøytte auga og greip tak i bollen med cornflakes som stod på kjøkenbordet. I natt hadde han vakna fleire gongar og berre venta på at eit eller anna skulle skje. Det at det ikkje skjedde noko, gjorde han nesten meir nervøs. Som om spøkelset stod i ein mørk krok og pønska på kva som kunne gjere Birk halvgalen av skrekk. Han måtte snakke strengt til seg sjølv fleire gongar for å ikkje spurte opp trappa og hoppe opp i senga til mora, og var ganske stolt av seg sjølv fordi han hadde greidd å stå imot freistinga.

19


Han kika opp frå cornflakesbollen då Ada dukka opp i døropninga. Det brune håret stakk ut på eine sida av hovudet, og strikkejakka var knept skeivt. Under jakka hadde ho ein dongerikjole full av påsydde lappar. Han venta på at ho skulle slå seg ned og plapre i veg medan han åt frukost, men ho blei ståande. «Øh … hallo?» sa han til slutt. «Er det noko?» Ada kika forvirra på han, som om ho først no la merke til at han sat der. «Ja … Nei.» «Ser du etter morfar? Han er ute i garasjen og hjelper mamma med noko.» Ho begynte å nikke, men slutta. «Øh … nei. Eg har akkurat snakka med han.» Han himla med auga og putta ei ny skei i munnen. Cornflakesane var blitt mjuke, han likte at dei knasa i munnen. Han blei sur når mora laga frukosten lenge før han var klar til å ete. «Har du sove godt?» spurde Ada. Birk svelgde utan å tygge skikkeleg og måtte hoste litt før han svarte. «Greitt», laug han. Både mora og morfaren hadde begynt å mase om kvifor han var så trøytt heile tida, og om det var noko han hadde behov for å snakke om. Noko anna enn spøkelset som han trudde budde i huset. Men han trong ikkje snakke, han trong berre å vite at han var aleine på soverommet sitt.

20


«Merka du noko til spøkelset i natt?» Ada stod framleis i døropninga. Han orka ikkje snakke om det. Ville ete frukosten i fred og så gå inn på rommet for å spele. «Næh.» «Du? Kan du hjelpe meg med å avleie Leif Kåre når han kjem inn? Eg må inn på det forbodne biblioteket.» Ada stira forbi han medan ho prata. «Hæ? Nei takk, skal spele.» «Utskjeringa.» Ada snakka så lågt at ho nesten kviskra. «Kva sa du no?» spurde han. «Utskjeringa», gjentok ho, litt høgare. «På sitjebenken.» Håra på armane hans stritta, sjølv om det var varmt i rommet. For tusende gong lurte han på kvifor spøkelset hadde teikna ein kopi av denne utskjeringa på tavla hans. «Kva med den?» «Eg veit kven som går igjen her.» Ada gløtta seg nervøst rundt, som om ho var redd for at spøkelset skulle høyre henne. «Men eg vil helst ikkje seie det her inne.» Begge skvatt då Tiger kom springande frå stova og smatt mellom beina til Ada. Birk skvatt igjen då han la merke til uttrykket hennar. Det hadde stivna i ein grimase, som om Ada hadde frose til is midt i eit skrik.

21


«Kva …?» «Ho er her», avbraut Ada. «Kom!» Birk prøvde å halde følge med Ada og dei lange beina hennar. Han sprang etter henne gjennom hagen til morfaren, over den låge steinmuren mellom eigedommane, forbi kråkeslottet og langs ein traktorveg som gjekk parallelt med stranda. Flukta deira enda nede på moloen. «Kva er det?» spurde han etter å ha fått tilbake pusten. «Såg du spøkelset?» Ada nikka og heldt seg på magen. «Det er ei jente.» «Hæ? Ei jente?» «Ja.» Ho speida i retning av morfarhuset. «Lina Ulven. Ei jente som døydde i kråkeslottet for hundre år sidan.» «Og … du kan sjå henne? Ser du spøkelse?» Ada trekte pusten djupt og skar ein grimase. «Eg såg henne inne på rommet ditt i førgårs. Gjennom vindauget. Og så … no dukka ho opp i døra inn til stova. Ho stod og stira på deg.» «Men … kvifor er det berre du som ser henne?» «Har ikkje peiling», sa ho. «Men gjettar på at det kan vere fordi ho budde i kråkeslottet då ho døydde. Kanskje ho til og med hadde soverommet mitt? Og så trur eg at vi er litt like, på ein måte.»

22


Han rista på hovudet. «Ja, men kvifor spøker jenta hos morfar, då? Viss ho døydde i huset dykkar og det er du som ser henne?» Birk følgde blikket til Ada og såg eit par ungdommar som stod på standupbrett. Dei padla langs moloen og var snart framme ved opninga som førte ut mot havet. «Veit ikkje heilt», sa ho. «Men eg trur det har noko med sitjebenken å gjere. Det er derfor eg må inn på det forbodne biblioteket.» «Ser ho grei ut?» Han prøvde å fange blikket til Ada, det virra rundt som to kuler i eit flipperspel. Ada såg plutseleg rett på han. «Nei.» Ordet gjorde han kald. «Men … trur du ho vil meg noko?» «Noko vondt», svarte ho utan å nøle. «Kvifor det?» Ada trekte på skuldrene. «Berre ein følelse. Kanskje eg tek feil.» Sjølv om Birk eigentleg ikkje ønskte å høyre svaret, opna han munnen og stilte det neste spørsmålet. «Du trur jenta kan vere dette farlege spøkelset, ikkje sant?» Han trudde at Ada ville svare noko om at slike ikkje fanst lenger, for det sa morfaren hans. I staden nikka ho kort. «Eit Trollmoll.»

23


«Og det var det som … som …» Birk måtte snappe etter pusten. «Song?» «Det smeltar hjartet til barn ved å synge. Ved solnedgang, hundre år etter dødsdagen sin.» «Og når er dødsdagen til henne du ser?» Ada nølte. «I overmorgon.»

24


Ada Ytterdøra stod open, ho gjorde alltid det viss vêret var bra nok. Ho kika inn i gangen. Prøvde å bestemme seg for kva ho skulle gjere viss ho stira rett inn i dei vonde auga til Lina Ulven. Birk kom bak henne. «Det er klart», kviskra ho over skuldra si. Så gjekk ho med raske skritt inn i yttergangen og opna døra til høgre. Heldigvis var ikkje Leif Kåre inne på biblioteket. «Er du sikker på at det er meg ho er ute etter?» Auga til Birk blei store og minte henne om åtteåringen ho hadde balansert på kanten av moloen med. Ho nølte. Tenkte på mareritta og det ho hadde lese om å sjå flammar. «Eg veit ikkje, Birk. Det er derfor eg må inn dit.» Ho peika på døra midt mellom alle dei fargerike bokryggane. Følelsen av fare var så sterk at Ada kunne kjenne den sure oppkastsmaken av han. Samtidig kribla det litt under strikkejakka ved tanken på å bla i forbodne bøker.

25


«Stå her og vent», sa ho til Birk, som stira mot døropninga ut til yttergangen. «Viss Leif Kåre dukkar opp før eg har kome ut, må du avleie han.» «Korleis, då?» protesterte han. «Du finn på noko.» Ho fann nøkkelen under senga, stakk han i nøkkelhòlet og vrei rundt. Døra var så låg at ho måtte dukke for å gå inn. Ho kjente eit blaff av dårleg samvit over å vere i eit rom som ho ikkje eingong hadde fått lov til å kike inn i tidlegare. Leif Kåre hadde lova at dei skulle gå inn hit saman med ein gong ho blei gammal nok. Rommet var cirka halvparten så stort som biblioteket utanfor, og dei to bokhyllene var halvfulle. Ved veggen som peika mot døra, stod ein skrivepult med ein tent leselampe. Ho gjekk kjapt bort for å sjekke boka på det vesle bordet. Heksehammaren var tittelen. Under stod det: Malleus Maleficarum. Ho snudde seg mot eine hylla og såg at ho var nøye markert med historiske hendingar. På hyllene var det limt maskinskrivne etikettar med kategoriar som Nasjonal Samling, SS og Tys­ kartøsene. Ho snudde seg mot neste hylle og starta å lese etikettane medan ho gjekk nærmare: Heksepro­ sessane, Fornorskinga av samane, Overtru i Noreg 1600–1900, Lokale mytar og trolldom … Der!

26


Ho sette seg på huk, sidan bøkene stod på nedste hylle. Det var berre fire bøker under kategorien, og ho plukka ut den med tjukkast rygg. Trolldom og trollfolk – vandrehistorier frå Vestlandet. Fotografiet på omslaget viste eit fjell med taggete tindar. Ho skunda seg å opne boka då ho høyrde stemmer frå andre sida av døra. Dei mange og korte kapitla tok for seg ulike vandrehistorier. Eit stykke nede på lista fann ho Trollmoll. Undertittelen var: Når eit spøkelse er verre enn det mest grufulle eventyr.

27


Birk Ein kald trekk i nakken fekk han til å vri seg kjapt rundt. Alt som var å sjå, var hylla full av bokryggar og eit av morfaren sine maskinskrivne ark på golvet. Hjartet tromma i øyra medan han venta på spøkelsesjenta sitt neste trekk. Som ein revolvermann stod han heilt stille, med hendene litt ut frå sidene, klar til å vri seg rundt raskare enn sin eigen skugge. Trollmoll. Eit rop sette seg fast i halsen hans då noko datt i golvet. Han kika seg rundt og fekk auge på ein penn mellom bordet og døropninga ut til gangen. Og så, medan han stira på pennen, bevega han på seg. Berre nokre millimeter, men nok til at Birk visste at spøkelsesjenta var der inne saman med han. Og at ho ville han skulle vite det. Han prøvde å svelge for å fukte halsen og finne stemma si. Ville brøle at Ada fekk sjå til å kome seg ut. Men det var som om hjernen hadde slutta å sende signal til munnen og kroppen, og at det einaste han var i stand til, var å blunke.

28


Lyden av klikkelydar på trappa utanfor fortalde han at morfaren var på veg inn i huset. Dette vekte Birk. Han fekk vondt i nakken av å prøve å sjå i alle retningar samtidig. «Hei, gut!» sa morfaren glad då han halta inn på biblioteket. «Leitar du etter noko å lese i?» «Øh … neei, eg ville berre snakke med deg.» Birk måtte tenke litt for å finne noko å spørje om. «Ja vel? Kvar er Ada? Eg såg at de stakk bort til kråkeslottet i stad.» Morfaren bøygde seg og plukka opp pennen frå golvet. Stønna svakt då han retta seg opp og gjekk mot bordet. «Ho … øh, måtte heim. Eg ville snakke med deg aleine.» Morfaren sette seg ved skrivemaskina og parkerte stokken mot stolen. Lirka ut ein snus med peikefinger og tommel og kasta han oppi ein kaffikopp. «Spytt ut!» Birk blei stressa av at morfaren sat så nær døra Ada hadde gått inn, i tilfelle han kunne høyre at ho var der inne. Morfaren hadde alltid vore superseriøs med denne sekstenårsgrensa på det forbodne biblioteket sitt. Dessutan brann auga til spøkelsesjenta i nakken og fekk tankane til å floke seg. «Ja, altså, eg lurte liksom på om … Kva skjedde eigentleg med beinet ditt?»

29


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.