www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim

Page 1

UTDRAG FRÅ:

30


MUSIKK

JENNY FENDER HEIDI MARIE VESTRHEIM

Jenny og Signe er bestevenner og drøymer om å starte rocke­ band. Men når Signe må flytte frå bygda, mistar Jenny venninna si, og rockestjernedraumen ser ut til å ryke. E ­ ller kan den nye naboen vere redninga? I dette utdraget er klas­ sen på veg heim frå leirskule. Jenny er bussguide og tek opp­ gåva på alvor. Litt for mykje på alvor, kanskje?

– Leirskule var EPISK! gryler eg inn i mikrofonen og løftar knyttneven i vêret. – Og no er det SOMMARFERIE! Det bryt ut full jubel i bussen, og heile klasse 6B ved Liarbygda skule løftar opp nevane sine saman med meg. Eg står fremst i bussen, så breibeint eg kan, som ei rockestjerne. – Alle som kjem til å sakne kjøttkakene som var

31


harde som sprettballar, sei «yeah»! Alle ler og gaular «yeah». Dette publikummet er det beste i verda. – Og opp med handa alle som sneik seg inn på romma til naboen etter leggetid! Alle strekker hendene i vêret. Alle utanom Iben og Rune, som sit saman heilt bak i bussen. Dei stirar ut av vindauget og er heilt raude i fjeset. Æsj, dei har garantert blitt kjærastar i løpet av leirskulen. Klissete opplegg. – Set på musikk, då, Jenny! ropar Signe og lagar rocketeikn. – Ja, Signe! svarer eg. – Beste forslaget så langt på turen! Signe er den kulaste eg veit om. Og min aller beste venn. Signe, som gliser med tennene i pissevinkel. Ingen har finare glis enn ho. Heile bussen blir fylt med lyden av fuzzgitar og trommer idet eg trykker play på mobilen. The Runaways sprenger høgtalarane, og eg løftar mikrofonen opp til magen og let som det er ein Fender-gitar. Signe klappar entusiastisk i hendene der ho sit, og hiv seg med og spelar luftgitar. Me headbangar så håret vårt fyk i alle retningar til «Queens Of Noise», verdas kulaste låt.

32


Signe og eg har vore samspelte sidan den dagen me blei fødde, eg på Fender-gitaren min og ho på sin Casio-synt. – Queens of noise, not just one of your toys, syng eg inn i mikrofonen og hoppar opp på to sete, slik at eg har ein fot på kvar av armstøene. Eg rettar meg opp og skal til å ta skikkeleg i då det knitrar og smell noko så inni helsike, så heile klassen skvett til. Leidninga i mikrofonen er ikkje lang nok til slik innleving, ho har blitt røska ut av kontakten med eit brak. Læraren vår kjem halsande mot meg i midtgangen. – Jenny! Det var ikkje dette eg meinte då eg sa du kunne vere bussguide. Du kan ikkje herje oppå seta sånn! Med stiv peikefinger peiker han opp på skiltet som lyser Setebelte påbode over meg. – … og den mikrofonen må du få kopla på igjen, seier han strengt. – Det er vel ikkje min feil at denne brølepinnen ikkje toler rockemusikk, mumlar eg. Han gir meg det blikket eg har fått sidan fyrste klasse. Det som berre tyder éin ting: Jenny, no må du roe deg ned. Passe forbanna koplar eg til mikrofonen igjen og slenger meg ned i setet ved sida av Signe. – Ah, no som me var sånn i siget. Typisk, altså, seier eg og festar setebeltet.

33


Signe dultar borti skuldra mi. – Men du er steike meg den kulaste. Sjølvaste Jen­ ny Fender, seier ho sakte og pompøst og strekker ut armane som om ho les namnet mitt på ein diger plakat. – Du såg heilt ut som ei rockestjerne der oppe. – Meiner du det? Gler meg til me skal spele ekte rockekonsertar med bandet vårt. – Og reise på verdsturné, seier Signe og stirar drøymande ut vindauga. – Og få fans, seier eg. – Og lage kule band-T-skjorter, legg ho til. Så lenge eg kan hugse, har Signe og eg planlagt livet som rockestjerner. – Me to er dei einaste kule i klassen, seier eg lågt. – Dei andre baki bussen her: Losers. Eg snur meg og ser på Iben og Rune som sit heilt klint oppi kvarandre. – Du må love meg at du aldri får deg kjæraste, Signe. Signe reagerer ikkje, ho sit framleis og stirar ut vindauga, som om ho tenkjer på noko heilt anna. Eg dunkar borti armen hennar. – Signe, hallo! Me må love kvarandre det. Ingen klissete kjærastar. Ingen klissete klining. Ok? Eg drar til meg haka hennar og ser ho djupt inn i augo.

34


– Men, herregud, Jenny! seier ho og ler. – Du må seie det, Signe! Signe nikkar alvorleg, og me tar kvarandre i ­handa: – Ingen klissete kjærastar. Ingen klissete klining, seier me i kor. Signe gliser igjen og dultar borti meg. – Meg og deg, Jenny Fender, meg og deg. – For alltid, føyer eg til.

35


– Alle saman! ropar eg og knipsar på mikrofonen. Dunk. Dunk. – Ladies and gentlemen, guten abend! No blir det ein kort tissepause her på bensinstasjonen, og så er det strake vegen heim til endelause bakkar med eple og åkrar og buskar med bær og all slags booring gardsbutikkar og traktorar og kyr. Så nyt sivilisasjonen mens de kan! Idet me går av bussen, ser eg ein lang sigarettsneip på bakken framfor oss. Eg plukkar han opp og drar Signe med meg bort til rasteplassen bak bensinstasjonen. – Eg har ein strålande ide, seier eg og held sneipen opp mot ho. – Nei, er du galen? Signe ser sjokkert ut. – Slapp av, me skal ikkje bli sånne rockestjerner som er deprimerte og tar overdose og døyr i badekar,

36


seier eg. – Berre røyke litt, sånn som folk i ekte rocke­ band gjer. Som om det var heilt daglegdags, drar eg ein grøn lighter opp frå lomma. Signe ser på meg med svære augo. – Kor fekk du den frå? – Ein ekte rockar er førebudd på alt, seier eg og kastar eit blikk mot bussen. Ingen lærar. Ingen i klassen. Alle står nok og trippar i dokø der inne på bensinstasjonen. Sneipen luktar inst i helsikes surt, men eg stappar han inn mellom leppene og forsøker å ikkje smake på han. – Herregud, Jenny! Signe knyter nevane framfor munnen. Flammen frå lighteren treffer sneipen, og papiret tar fyr. Eg strammar leppene og syg til. Det går ikkje. – Kom igjen, den daudar jo heilt ut! kviskreropar Signe. – Eg prøver jo, svarar eg og syg alt eg klarer på sneipen. – Der ja, no kjem han … Signe gliser. Eg seier elefant på innpust, og plutseleg kjenner eg at det kjem masse røyk ned i lungene mine. Halsen snurpar seg saman og alt endar i ei heftig hostekule. Det kjennest som om ribbeina skal knekke.

37


– Veldig cool! Signe ler og dekker ansiktet sitt med begge hendene. – Du ser meir ut som ei påkøyrd kråke enn ei rockestjerne. Igjen strammar eg leppene rundt det gule, sure filteret og syg til. Røyk susar ned i alle kanalar. Mens eg blæs langsamt ut, lener eg meg på veggen bak meg og plasserer foten mot han i klassisk rockestil. – Å fy flate, Jenny, du trekte ned! Som om eg ikkje har gjort anna her i livet, kastar eg sneipen på bakken framfor meg. Så skyv eg meg ut frå veggen og tråkkar på han. – WOW! Det er jo røyking på ekte, det der. Signe ler hysterisk. – Eg veit, ropar eg og hiv meg rundt halsen hennar. Midt i klemmen byrjar Signe å hoppe opp og ned. Sjølv om eg kjenner meg ganske svimmel, blir eg med på eit par hopp før eg må gi meg. Nokre minutt seinare slenger me oss ned i seta våre heilt fremst i bussen, som dei siste inn. Me har hender og lommer fulle av godteri og brus. For det må sjølvsagt ekte rockestjerner ha etter ein velfortent røykepause. Før me gjekk på bussen, dynka me oss i Signe sin parfyme, og no stinkar me lavendel frå topp til tå. Og eg stappar snop i munnen for å skjule røykeluk-

38


ta. Dette funkar som ei kule. Håpar eg. – Så koseleg at de også ville bli med heim til gards, seier læraren vår og smiler. – Eg lurte ein augneblink på om de hadde satt dykk fast på doen der inne. Han grip tak i mikrofonen. – No køyrer me. – Hallo?! Det er det eg som skal seie, snøvlar eg med munnen full av seigmenn og hockeypulver. Eg grabbar til meg mikrofonen, svelger hardt og seier høgt og tydeleg: – No køyrer me. Så nikkar eg til bussjåføren, som startar motoren og sig ut av parkeringsplassen og vekk frå alt som minner om by og liv og rock’n roll, mot bygda vår som ligg der så altfor stille og ventar på oss. Allereie i tredje sving kjenner eg at det byrjar å røre seg i magen min. Signe ser bekymra på meg. – Går det bra, eller, du er heilt kvit i trynet … Eg fortset å tvihalde på mikrofonen mens eg seier: – Berre ein liten time til me er framme … hugs å sjå rett fram, folkens … elles … Men så kjenner eg at det ikkje går lenger. – Eg trur eg må … ååå … STOPP BUSSEN! Seks sekund etter står eg i vegkanten og spyr. Å få

39


hockeypulver i nasen svir meir enn ein kan førestille seg. Etterpå ligg eg i fanget til Signe og seier ikkje stort i mikrofonen. Like greitt. Herifrå og heim til Liarbygda er det uansett ikkje noko å verken sjå på eller fortelje om. Den gule stripa i vegen forsvinn, og snart dukkar det opp bratte fjellsider og svingete vegar. Så er det berre tunnelar, fjell, stein, ein foss eller to og meir tunnel og meir sving og meir stein, før me til slutt landar i eplegardane våre der heime. Niks og nada å sjå. – Vil du ha litt cola? Signe opnar ein ny boks. – Ja, seier eg og reiser meg forsiktig opp, men då buldrar det i magen med det same, og kvalmen kjem springande som ein galen okse. – Å stakkar, legg deg ned igjen. Sjå, eg har ein pose her. Signe tømmer ein av godteposane me kjøpte på bensinstasjonen, opp i sekken og forvandlar han til ein spypose, sjølv om me begge veit at den magen min, den er nok like tom som skallen til ein Tyrannosaurus rex. – Bra eg spydde, no luktar eg garantert ikkje røyk meir, kviskrar eg til Signe. – Kanskje me berre skal vere cola-drikkande rocke­stjerner? kviskrar ho tilbake.

40


– Einig, seier eg og nikkar forsiktig. Så stryk ho meg over håret. Det har spy i seg, men Signe bryr seg ikkje om det. Eg veit at det kunne ha lukta daud sau av heile meg, og ho ville likevel latt meg ligge slik i fanget hennar. Av og til lurer eg på om Signe har superkrefter, om ho datt i ei gryte med snillepulver då ho var lita. Ingen har så varme og mjuke hender som Signe. Ingen er så grei. Eg har nesten sovna då eg kjenner at bussen slakkar ned og liksom tar sats for å kare seg rundt den neste svingen, som er så skarp at det kjennest som om bussen skal velte. – Bollesvingen? spør eg. Signe nikkar. Vidare drar bussen seg som ei sliten ku opp den smale bratte vegen, før den liksom rettar seg opp igjen på toppen. – Fjellet som ser ut som ei trollrumpe, seier Signe. Eg kikkar opp på ho. Ho ser brått trist ut der ho stirar ut vindauga. Som om det var siste gongen ho skulle få sjå alt dette. – Der er det gule bedehuset, kviskrar Signe. – Nesten heime.

41


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.