www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Framtida mi 2024 (9788245051032)

Page 1

Framtida mi Arbeidsbok i

REINHARDT JÅSTAD RØYSET · KJELL HELGE KLEPPESTØ

utdanningsval
Navn 2024

Framtida mi

Arbeidsbok i utdanningsval

Reinhardt

Jåstad Røyset og Kjell Helge Kleppestø
2024

Innleiing

Hei og velkomen til ungdomsskulen!

Denne arbeidsboka vil hjelpe deg til å bli kjend med faget utdanningsval. Ein del fag du har på ungdomsskulen, er du allereie kjend med frå før. Utdanningsval er garantert nytt, og forhåpentleg interessant og spennande. Du vil oppleve at faget handlar om deg, dine interesser, dine styrkar og kva som er viktig for deg. Du får øvd og tenkt på viktige ting du kanskje ikkje har tenkt så nøye på før. Ta godt vare på boka og vis henne også til dei føresette. I Framtida mi vil du finne tema som er spennande å diskutere både med dei heime og andre utanom skulen. På minframtid.skole.fagbokforlaget.no finn du ekstraressursar til mange av øvingane i boka, som filmar, nyttige nettsider, historier og refleksjonsoppgåver.

Reinhardt Jåstad Røyset og Kjell Helge Kleppestø

2 8. trinn | DEL 1 Innleiing

Karriereknappar

Sirklane med ordpar blir kalla karriereknappar. Karriereknappane kan få i gang gode samtalar og refleksjonar om viktige og spennande tema i utdanningsval.

Meg – Kontekst

MEG KONTEKST ENDRING STABILITET

TILPASSING MOTSTAND

VAL TILFELDIGHEITER

Handlar om å bli kjent med deg sjølv, samtidig som du er medviten om korleis du påverkar andre, og korleis samfunnet og andre er med å påverke deg.

Endring – Stabilitet

Viser til at du heile tida går gjennom endringar, samtidig som du kanskje ønskjer at livet er som du er vand med

Tilpassing – Motstand

Handlar om at du i utdanning og arbeid må kunne tilpasse deg, og at du og av og til må handtere motstand.

MOGLEGHEITER AVGRENSINGAR

Val – Tilfeldigheiter

Viser til at du vil oppleve mange valsituasjonar i livet. Tilfeldige hendingar kan også spele ei viktig rolle for deg.

Moglegheiter – Avgrensingar

Handlar om å undersøkje kva for moglegheiter og avgrensingar du har, og sjå korleis dei kan påverke vala og handlingane dine.

Innhald

8. trinn

Livsmeistring og sjølvmedvit

Arbeid og yrker

9. trinn

Livsmeistring og sjølvleiing

Karrieren din no og i framtida

10. trinn

Livsmeistring og karrieren din

Videregåande opplæring og vegen vidare

3 8. trinn | DEL 1 Innhald

Omgrep i utdanningsval

KARRIEREN DIN

I denne boka handlar ordet karriere om reisa gjennom liv, læring og arbeid for enkeltpersonar, altså deg. Mange av oppgåvene du skal arbeide med i denne boka, handlar om livet på og utanfor skulen, korleis du skal arbeide med utdanninga di etter ungdomsskulen, og korleis du kan få din første jobb.

KARRIERERETTLEIING

Alle elevar har rett til yrkes- og utdanningsrettleiing. I skulen er utdanningsval eit viktig fag for å bidra med hjelp dersom du ikkje heilt veit kva du vil eller skal gjere i overgangen til vidaregåande skule. Målet med karriererettleiing er å hjelpe deg til å bli betre til å handtere overgangar og gjere meiningsfylte val når det gjeld læring, utdanning og arbeid.

KARRIEREKOMPETANSE

Når du arbeider med karrieren din i og utanfor skulen, lærer du deg karrierekompetanse. Du blir meir kjend med deg sjølv og di eiga læring, og du utviklar identiteten din. Du samlar informasjon om utdanningsmoglegheiter og arbeidslivet. Du blir etter kvart god til å handtere overgangar, gjere val og forstå konsekvensane av vala. Du lærer at alle blir påverka av livsvilkåra og handlingane sine, og at du er med på å påverke både di eiga framtid og framtida til fellesskapet.

LIVSMEISTRING

I arbeid med folkehelse og livsmeistring i utdanningsval lærer du å handtere medgang, motgang, utfordringar og overgangar på best mogleg måte for deg. Gjennom læring og samhandling vil du få innsikt i kva for faktorar som har innverknad på karrierevala dine og korleis du meistrar livet. Du blir førebudd på deltaking i arbeid og livslang læring, og du får høve til å utvikle eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.

4 8. trinn | DEL 1 Omgrep

minframtid.skole.fagbokforlaget.no

Livsmeistring og sjølvmedvit Dørene til verda og framtida ....... 6 Yrka du kjenner til ....................... 8 Korleis var barneskulen for deg?. 9 Sjølvkjensledagbok 10 Brain Scan .................................... 11 Sjølvsnakk .................................... 14 Emosjonar.................................... 15 Impulssituasjonar ......................... 16 Interesser 18 Kontaktane mine ......................... 20 Handa .......................................... 21 Eigenskapar ................................. 22 Eigenskapar hos dyr .................... 24 Styrkane og kvalitetane mine 25 Få hjelp av sterke sider hos andre ........................................... 26 Kontrollsirklar .............................. 27 Komfortsona di ............................ 28 Konfliktsituasjonar 29 Berekraft ...................................... 30
trinn, del 1
8.

Interesser

Er det nokon av interessene de har, som kan brukast i yrkessamanheng? Kva for nokre? Er det nokon interesser som berre vil vere ein hobby? 1 SOLSTRÅLAR

På solstrålane fyller du inn alle interessene du kan kome på at du har hatt, interesser du har no, og interesseområde som kan vere spennande for framtida di. Du kan lage fleire strålar.

interesser

Samarbeid med ein partnar. Del og snakk om dei interessene de har notert. Fann de nokon felles interesser? Nokon ulike?

18 8. trinn | DEL 1
a b c
VAL TILFELDIGHEITER

2 INTERESSER OG KARRIERE

Kva for interesser trur du kan vere til nytte i karrieren din? Skriv ned interessene og kva dei kan hjelpe deg til å gjere i karrieren din. Skriv ned tankane dine her.

3 INTERESSETEST

Ta interessetesten på vilbli.no

Kva blei resultata dine?

Kva har du lært om deg sjølv etter å ha arbeidd med interesser?

19 8. trinn | DEL 1 a b

Berekraft

FN har utvikla 17 berekraftsmål[2] med 169 delmål, som medlemslanda har forplikta seg til å arbeide for å oppnå fram mot 2030. På nettsida seier FN: «Bærekraftig utvikling handler om å ta vare på behovene til mennesker som lever i dag, uten å ødelegge framtidige generasjoners muligheter til å dekke sine. Bærekraftmålene reflekterer de tre dimensjonene i bærekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.» (fn.no)

Finn ut meir om berekraftsmåla til FN og reflekter saman med ein læringspartnar.

Kva er det viktigaste målet for deg her og no?

Kva trur du vil vere det viktigaste målet for deg om 10 år?

Korleis vil berekraftmåla spele inn på arbeidslivet i framtida?

Korleis påverkar bærekraftsmåla tankane dine om karriera di?

I storgruppa skal du dele og reflektere over kva de har diskutert i læringspara.

30 8. trinn | DEL 1 a b e c d
Illustrasjon frå FN-sambandet (fn.no)
ENDRING STABILITET
Arbeid og yrke
del 2 Tre ønske ................................ 32 Kva er arbeid? ............................. 33 Terningen er kasta ....................... 34 Er dette arbeid? .......................... 35 Kvifor arbeider vi? ....................... 36 Kredittkort – kjøpe dyre gjenstander ................................. 38 Fire yrke du ønskjer å utforske.... 40 Dette gjev høgast status på jobben ......................................... 41 Yrke og kjønnsfordeling 42 minframtid.skole.fagbokforlaget.no
8.trinn,

Interesser

1 INTERESSENE MINE

Interesser, eigenskapar og ferdigheiter heng ofte saman. Mange av interessene du kan ha, passar i ulike interessekategoriar. Her

skal du finne ut kva for kategoriar dine interesser passar i.

Kva er du god til? Set ring rundt 5–8 av aktivitetane som du synest passar for deg.

lage ting observere setje i gang evaluere designe hjelpe andre

koordinere skape noko samarbeide setje i gang noko nytt reparere gje omsorg

kommunisere leie planleggje ha visjonar administrere rettleie

løyse problem budsjettere forske selje analysere styre/operere maskiner

Dei ulike aktivitetane

passar i desse seks interessekategoriane

(RIASEC):

Praktisk (R): lage ting, reparere, koordinere, styre/operere maskiner

Teoretisk (I): forske, observere, løyse problem, analysere

Kreativ (A): designe, ha visjonar, skape noko, setje i gang noko nytt

Sosial (S): gje omsorg, samarbeide, hjelpe andre, kommunikasjon

Driftig (E): selje, leie, planleggje, setje i gang

Systematisk (C): administrere, rettleie, budsjettere, evaluere

• Finn dei orda du sette ring rundt i oppgåve 1 a.

• Kategoriane der du har sett ring rundt flest ord, er hovudinteressene dine.

• med deg kodebokstavane og noter dei i oppgåve 1 c. Har du stor spreiing og mange kategoriar, kan du kjenne etter kva for ein kategori du føler passar best.

54 9. trinn | DEL 1
a b
MEG KONTEKST

c Kva for ein RIASEC-kode gjev interessene deg? Ut frå sekskanten prøver du å lage ein kode på 2–3 bokstavar basert på den kategorien flest av interessene dine fell i.

Skriv koden her: ____________________

2 SOLSTRÅLAR

I solstrålane skriv du ned alle interessene du kan kome på at du har hatt eller har. Du kan lage fleire strålar.

Skriv ned

• interesser du har no – bruk éin farge på dei

• interesser du hadde då du var mindre – vel ein annan farge

• interesseområde du tenkjer kan vere spennande for framtida di – vel ein tredje farge

Er noko ulikt frå 8. trinn?

Sjå side 18.

Samarbeid med ein partnar.

• Del dei interessene du fann i oppgåve 1 a.

• Snakk saman om interessene frå oppgåve 2.

• Har de noko til felles? Kva er ulikt?

55 9. trinn | DEL 1 a b
I TEORETISK/UTFORSKaNDE INVESTIGATIVE TENKJER R PR AK TI SK RE ALIST IC HAND LAR C SKTIMATE/SYSNDEORALONTICONVENOR RSERENIGA E GTIIFDR GRISINRPTEEN RDETYEROV S SOSIALSOCIA L HJELPER A KUNSTNARLEG ARTISTICSKAPER i n te re ss e r

Kva drøymer du om?

I skya noterer du eller teiknar draumar, ønske og idear for framtida di. Skya kan vere ei idémyldring for draumar du har, har hatt eller får medan du visualiserer framtida di og ditt framtidige sjølv.

• Draumar du trur er lette å oppfylle, plasserer du nedst i skya.

• Dei draumane du trur er vanskelegare å oppnå, plasserer du lenger oppe i skya.

A dream written down with a date becomes a goal. A goal broken down into steps becomes a plan. A plan backed by action makes your dream become reality

102 9. trinn | DEL 2
TILPASSING MOTSTAND

Framtidsreise

I denne øvinga skal du visualisere ei mogleg framtid. Læraren din vil lese historia «Framtidsreise» (minframtid.skole.fagbokforlaget.no), der oppgåva di er å sjå føre deg i størst mogleg detalj og med sterkast moglege fargar det som skjer i historia. Det du ser føre deg, skal du teikne og skrive om i rammene.

Rommet mitt

Staden der eg bur

103 9. trinn | DEL 2
Slik reiser eg til jobben
MEG KONTEKST
Jobben min

Framtida mi 2024

Arbeidsbok i utdanningsval

Framtida mi har øvingar og oppgåver som vil førebu deg på dei vala om utdanning du må gjere på 10. trinn. Du vil lære mykje om deg sjølv, og samtidig vil du få kunnskap om dei mange moglegheitene som finst. Du vil gå på jakt etter interesser, styrkar og eigenskapar ved deg sjølv, og du vil få hjelp til å sjå framover mot den vidare karrieren din. Etter at du har arbeidd med utdanningsval og temaet livsmeistring i tre år, vil du ha kome godt i gang med å utvikle karrierekompetansen din.

Innhald:

8. trinn

Livsmeistring og sjølvmedvit Arbeid og yrke

9. trinn

Livsmeistring og sjølvleiing Karrieren din no og i framtida

10. trinn

Livsmestring og karrieren din

Vidaregåande opplæring og vegen vidare

ISBN 978-82-450-5103-2

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.