Etter offentleg forvaltning og tenesteyting er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa med 19 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Næringa er dominert av turisttrafikk som omfattar både gjennomgangstrafikk og lengre opphald, ved så vel fjorden som i fjellet, særleg i Finse-området. Ulvik har fleire hotell og pensjonat, og dessutan campingplass.
Til samanlikning hadde primærnæringane dette året 11 prosent av arbeidsplassane. Ulvik har etter vestlandsforhold relativt store jordbruksareal. Dei viktigaste driftsformene er husdyrhald, særleg storfe og sau, og hagebruk. Ulvik er ein stor fruktkommune, og i kommunen blir det også drive mykje anna hagebruk, som bær- og grønnsaksdyrking.
Industrien i Ulvik er beskjeden og består hovudsakleg av næringsmiddelindustri, særleg drikkevarer (Isbre Water AS og Hardanger Saft- og Siderfabrikk, høvesvis i Osa og på Lekve inst i Ulvikapollen), og trevareproduksjon (Skeie Tre AS, produsent av pallar og kassar i kommunesenteret).
Ulvik har middels stor vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 114 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Ulvik II (i drift fra 1974), som står for nesten heile vasskraftproduksjonen. Eviny Fornybar er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Av dei yrkesaktive som er busette i Ulvik, har 41 prosent arbeid utanfor kommunen. 20 prosent arbeider i Voss herad, fem prosent i dei andre kommunane i Hardanger, seks prosent i Bergen og to prosent i Oslo (2019).