Hol har den lågaste prosentdelen sysselsette i primærnæringane blant kommunane i Hallingdal. I 2019 utgjorde arbeidsplassane i desse næringane tre prosent av alle arbeidsplassane i kommunen. Også industrien har ein relativt låg del av sysselsetjinga i Hol med fem prosent, der Buskerud fylke hadde tolv prosent. Industrien, inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, hadde 18 prosent av arbeidsplassane i Hol i 2019, mot 25 prosent i Buskerud.
Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa i Hol, med 29 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Reiselivet har eit tyngdepunkt på Geilo. Her er ei rekke hotell og overnattingsbedrifter. Det er stor hyttebusetnad mange stader i kommunen, mellom anna rundt Ustaoset. Særleg rundt Geilo er det store alpinanlegg.
Jordbruket er i all hovudsak basert på husdyrhald (storfe og særleg sau). Skogbruket er relativt beskjedent i Hol. Med eit avverka kvantum for sal på 25 600 m3 har berre Hemsedal og Flå ei lågare avverking blant kommunane i Hallingdal (2019).
Den klart viktigaste industribransjen i Hol er verkstadindustrien, med 2/3 av dei industrisysselsette i kommunen (2019). Innan verkstadindustrien er metallvareindustrien viktigast. Av andre industribransjar er møbel- og annan industri og næringsmiddelindustri viktigast, med høvesvis 15 og 8 prosent av sysselsetjinga i næringa (2019). Verkstadindustrien finn ein særleg på Geilo, der ein har jern- og metallvareindustri med lange tradisjonar (knivar, øksar og andre reiskapar og verktøy), likeins på næringsområdet i Kleivi ved grensa til Ål. Her er også andre bransjar representerte.
Hol er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Buskerud, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei ti vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1277 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hol I (Urunda) (i drift fra 1956), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Hol I (Votna) (1949) og Hol III (1958). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Ustekveikja Kraftverk med om lag seks prosent.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.