Jordbruket er av stor betydning i Vindafjord, og primærnæringane omfattar tolv prosent av arbeidsplassane til kommunen (2019). Etter kommuneendringane i 2020 har berre fire kommunar i Rogaland eit større samla jordbruksareal enn Vindafjord, alle på Jæren. I Vindafjord blir det drive eit intensivt husdyrhald. Viktigast er storfe- og sauehaldet, men det blir òg drive ein del med svin og høns. Det blir drive noko hagebruk, særleg i sørlege del av kommunen.
Det er mykje avvirking av skog i Vindafjord (25 500 kubikkmeter i 2019), og kommunen hadde saman med Lund størst avverking blant kommunane i Rogaland dette året. Det blir elles fiska noko laks i Vikadalselva og Rødneelva i Sandeid.
Industrien omfattar 19 prosent av arbeidsplassane til kommunen, 32 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2019). Industrien blir dominert av verkstadsindustri (44 prosent av industriens sysselsette 2019), særleg maskinindustri og bygging av skip og boreplattformer. Det meste av verkstadsindustrien ligg i tidlegare Ølen kommune, mellom anna utrusting og reparasjon av oljeplattformer i Ølensvåg og Vikebygd. Det er elles ei større elektronikkbedrift i Nedre Vats (Arrow Norway AS).
Ein annan betydeleg industribransje i Vindafjord er næringsmiddelindustrien med 31 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen (2019), mellom anna det største privateigde slakteriet i landet, Fatland AS, med både hovudkontor og slakteri i Ølen, likeins slakteriet Nortura Sandeid. Elles har industribransjen gummi-, plast- og mineralsk industri 18 prosent av dei sysselsette innan industri i Vindafjord (2019), først og fremst verksemder som nyttar sand- og grusførekomstane i kommunen, mellom anna Ølen Betong med verksemd både i Ølen og i Sandeid.
Vindafjord er kommunen med niande størst vasskraftproduksjon i Rogaland, men er ein relativt liten kraftkommune på landsbasis. Dei 19 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 84,6 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Rødne (i drift fra 2006), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Imsland (2010) og Ølmedal (2010). Sunnhordland Kraftlag er hovudeigar av om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Chr Salvesen & Chr Thams’s Communications Akt med om lag ein sjettedel.
Av dei busette yrkestakarane i Vindafjord har 29 prosent arbeid utanfor kommunen, 14 prosent i Haugesund, Karmøy og Tysvær, i alt fire prosent i sunnhordlandskommunane Etne, Sveio, Stord, Fitjar og Bømlo) og i alt vel tre prosent i kommunane på Jæren, inkludert Stavanger (2019).