Vats er eit sokn i Vindafjord kommune i Rogaland. Det omfattar områda omkring Vatsvatnet og Vatsfjorden, ein nordgåande arm av Yrkjefjorden. Tettast busetjing er det rundt sørenden av Vatsvatnet midt i bygda.
Vats kyrkje, som ligg ved sørenden av Vatsvatnet, er ein langkyrkje i tre frå 1855.
Fylkesveg 46 går forbi Vats og nordover langs vestsida av Vatsvatnet til møte med E134 i nordenden.