Ringebu er ei jordbruksbygd, med hovudvekt på husdyrhald. Også skogbruket betyr ein del, i 2018 blei det avverka 37 000 kubikkmeter skog, hovudsakleg gran. Landbruket utgjer grunnlaget for mykje av industrien, med mellom anna stort meieri på Frya industriområde (Tine) og fleire trelast- og trevarebedrifter både i Fåvang og i Ringebu (sag og høvleri, mellom anna hus- og hytteproduksjon). Næringsmiddel- og trevareindustrien hadde begge 39 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2004. Også steinindustrien nyttiggjer lokale råstoff. Det er elles noko plastvare-, metallvare- og metallindustri i kommunen.
Ringebu har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Vinkelfallet (i drift fra 1983), med ein årleg produksjon på 26,8 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Gudbrandsdal Energi Produksjon.
Kvitfjell alpinanlegg i Kvitfjellet opna i 1991 og blei nytta til utfor og super-G under OL på Lillehammer i 1994. Det blir arrangert årlege verdscuprenn i Kvitfjell. Ringebu er elles ein av dei største hyttekommunane i landet, med 4516 hytter i 2024. Store område er i seinare år lagde ut til hyttebygging; i perioden 2006–2024 auka talet på hytter og fritidsbustader med 40 prosent.