www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Os – kommune i Nord-Østerdal

Versj. 40
Denne versjonen ble publisert av Vebjørn Sture 6. oktober 2022. Artikkelen endret 771 tegn fra forrige versjon.

Os er ein kommune i Innlandet fylke, øvst i Nord-Østerdal. Os vart skilt ut frå Tolga som eigen kommune i 1925, var på ny saman med Tolga som del av kommunen Tolga-Os i perioden 1965 til 1976, og er frå 1977 igjen eigen kommune.

Os er ein langstrekt kommune på tvers av Glommas dalføre. Frå tettstaden Os strekker kommunen seg 30 kilometer mot nordvest til Midtre Gauldal og Holtålen kommunar i Trøndelag. Dalsbygda, Vangrøftdalen og Tjurudalen ligg i denne delen. Mot søraust går Os langs Nøras dalføre til Femunden og Engerdal kommune. På denne strekninga ligg grendene Narjordet, Narbuvoll og Tufsingdalen, sistnemnde har avløp til Femunden. I nordaust går grensa til Røros og Trøndelag fylke, og i sørvest er det ei 90 kilometer lang grense mot Tolga kommune.

Naturen har store variasjonar, frå det karrige og særprega morenelandskapet i austre delar av kommunen til dei frodige og kalkhaldige seterdalane i nordvest. Berggrunnen er hovudsakleg omdanna kambrosiluriske bergartar (fyllitt), som gir rolege terrengformer. Det høgaste punktet er Håmmålsfjellet (på grensa til Tolga) litt sør for Glomma (1543 meter over havet) og lengst sør Sålekinna (1595 meter over havet), som er danna av overskyvd sparagmitt. I dalsidene ligg nokre stader store mengder lausmasse (kvabb) som vart avsett under avslutninga av siste istid.

Det meste av busetjinga finst langs Glomma rundt Os tettstad og i Vangrøftdalen. Strekninga frå Glomma til Femunden, som utgjer rundt halvparten av kommunearealet, har berre 13 prosent av folketalet. I tiårsperioden 2009–2019 har folkemengda vist ein svak nedgang (−6 prosent).

Os er ein landbruks- og industrikommune. I 2021 var 11,3 prosent av dei yrkesaktive sysselsette i primærnæringane og 14,2 prosent i industrien (mot høvesvis 2,3 og 7,6 prosent for landet samla sett). I jordbruket er storfe- og sauehald dei viktigaste driftsformene. På grunn av høgda over havet er skogavverkinga den minste i fylket. Industrien er allsidig.

Os er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 20 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er eitt kraftverk i kommunen.

Rørosbanen og fylkesveg 30 følgjer Glomma gjennom Os. I tillegg er det gjennomgangstrafikk på fylkesveg 28 gjennom Tufsingdalen og langs Nøra, ein del av den såkalla Kopparleden (Koparvegen) mellom Røros og Falun i Sverige.

Os høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Folldal, Holtålen, Rendalen, Røros, Tolga og Tynset.

Os kommune svarer til dei tre sokna Dalsbygda, Narbuvoll og Os i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Os til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.

For statistiske føremål er Os kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 11 grunnkrinsar: Vangen, Breen, Moseng, Oslia, Østvangen, Nøra, Os, Bakos, Narjordet, Øvre Tufsingdal og Nedre Tufsingdal.

I Os ligg kunstsenteret Hagenjordet og dessutan Os museum med Oddentunet, eit bevart gardstun med hovudbygning dekorert i 1820-åra. Det er skitrekk i Håmmålsfjellet og eit godt utbygd skiløypenett. Nørdalen natur- og kultursti vart kåra til årets friluftslivsområde i Noreg i Naturvernåret 1995. Os kyrkje er ei krosskyrkje i tre, bygd i 1862.

Kommunevåpenet (godkjent i 1993) har tre bjøller i gull, 2–1, mot ein grøn bakgrunn. Motivet viser til tradisjonelle næringsvegar.

  • Gjermundsen, Jon Ola: Bygdebok for Os: bygda og folket, 1999–2001, 3 bind.
  • Grue, Thoralf: Os i Østerdalene, 1943. Les boka på nb.no
  • Midtdal, John & Magne Kvilvang: Narbuvoll, Holden og Kvilvang: gårder og slekter, 2001
  • Midtdal, John: Tufsingdalen: gårder og slekter, 1991. Les boka
  • Spangen, Amund: Øst på dalom : langs en gammal ferdselsvei i Os, 1996. Les boka