Øygarden blei tidleg busett. I 1980-åra blei det avdekt ei rekkje steinalderbuplassar i kommunen, og det er gjort utgravingar av gardsanlegg på Høybøen lengst nord på Sotra, truleg i bruk frå midten av 1100-talet til 1349–1350, då svartedauden råka. Det er to kyrkjegardar frå koleraåret 1849 i høvesvis Bildøydalen og Møvik på vestsida av Sotra.
Øygarden er kjend for det vakre kulturlandskapet sitt, som er prega av eldre busetnad i gamle strandstader og fiskevær, både langs Hjeltefjorden og på yttersida av øyrekkja. Det er Kystmuseum i Ovågen på Ona som gir eit bilete av Øygardens historie. Det ligg eit kystkultursenter med naustmiljø i Trellevika på Toftøya sørvest i kommunen.
Kvart år blir det arrangert fleire festivalar i kommunen, mellom anna ein musikkfestival (Periferifestivalen) i Glesvær sørvest på Sotra. Ved losstasjonen i Hummelsund på Toftøya er det eit nasjonalt minnesmerke for omkomne losar og båtmannskap.
Av attraksjonar frå andre verdskrigen finst Fjell festning på Sotra, bygd av tyskarane, som var blant dei sterkaste festningsanlegga i Nord-Europa. Telavåg heilt i vest på Sotra blei mykje nytta til illegal englandstrafikk, og under ein samanstøyt med norsk motstandsrørsle i 1942 blei to tyske offiserar drepne. Dette utløyste ein tysk represalie som bestod i at staden blei brend, den mannlege befolkninga blei send til Tyskland, og kvinner og barn blei internerte på Framnes ungdomsskule i Hardanger. I Telavåg ligg Nordsjøfartmuseet som fortel om Nordsjøfarten under krigen og Telavågtragedien.
Fjell kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1874 og påbygd i 1972. Landro kapell er ei arbeidskyrkje i betong, bygd i 1977. Foldnes kyrkje er ei særprega kyrkje på Litlesotra frå 2001. Sund kyrkje i Klokkarvik er bygd i 1997, etter at den gamle trekyrkja frå 1877 brann ned i 1994.