Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn, sjå elva Yonne
Yonne er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bourgogne, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture i departementet er Auxerre.
Yonne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Burgund, Champagne og Orléanais.
Yonne ligg i dag i regionen Bourgogne og grensar til departementa Seine-et-Marne i nordvest, Aube i nordaust, Côte d'Or i aust, Nièvre i sør og Loiret i vest.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Yonne