www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sitronsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturformel for sitronsyre

Sitronsyre (C6H8O7) er ei organisk syre med tre karboksylgrupper. Syra finst i frukt, til dømes sitron. Salt av sitronsyre heiter sitrat.

Sitronsyre finst mellom anna i safta frå sitronar.

Syra vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i sitronsaft i 1784.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Sitronsyre er mellom dei vanlegaste syrene i plantar. Til dømes inneheld sitronsaft 5-7 % sitronsyre.

Syra er ein antioksidant med nummer E-330. Sitronsyre vert seld som små posar med pulver i butikkar og vert brukt som konserveringsmiddel.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sitronsyre
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.