Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Severo er ein by i provinsen Foggia i regionen Puglia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.
Han ligg ved foten av fjellet Gargano.
San Severo i 1704
San Severo vart grunnlagd på 1000-talet rundt ei lita kyrkje bygd av benediktinarar frå Montecassino. Byen utvikla seg raskt som handelsby. I 1053 var han åstad for den historiske sigeren til Roberto il Guiscardo over paven sine troppar under pave Leo IX (sjå slaget ved Civitate).
Etter å ha gjort opprør mot keisarriket vart han totalt øydelagd av keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket i 1233 og vart seld til Tempelriddarordenen. Etter dette vart han ein keisarby og sete for guvernøren av Capitanata - eit gamalt namn på provinsen Foggia - og provinsen Molise. I 1579 vart han seld til fyrstinna av Sangro.
I 1799 vart byen erobra av franske soldatar og øydelagd igjen. Overherredøme gjekk i arv frå benediktinarmunkane i klosteret ved Torremaggiore, Tempelriddarane, Kongedømet Napoli og familien som eigde Sangrodalen, herrane av Torremaggiore.
I 1627, 1828 og 1851 vart byen råka av kraftige jordskjelv.