Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liberisk dollar er mynteininga i det afrikanske landet Liberia. Liberisk dollar har ISO 4217-kode LRD. Ein dollar er inndelt i 100 cent. Den liberiske dollaren blei innført i 1943, men var òg valutaen i landet mellom 1847 og 1907. I den første perioden var den liberiske dollaren knytt til amerikansk dollar. I 1907 innførte Liberia britisk vestafrikansk pund, som var knytt til britisk pund. Den liberiske dollaren blir forvalta av den liberiske sentralbanken.
Valutaen blir vanlegvis forkorta med dollarteiknet $, eller alternativt L$ eller LD$ for å skilja han frå andre dollarvalutaer.