Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lorca er ein by søraust i Spania i den autonome regionen Murcia 50 km sørvest for byen Murcia. Han har om lag 90 000 innbyggjarar og er den nest største kommunen i Spania ut frå areal med 1675,21 km².
Regionen rundt Lorca var alt busett av iberarar under bronsealderen (El Argar-kulturen). Lorca var truleg kalla Eliocroca av romarane og Lurka av arabarane. Den gamle delen av byen består av smale gater og smau, og vart forma slik under maurarane.
Under reconquista vart Lorca ein farleg grenseby, fanga mellom det spanske kongedømet Castilla og det mauriske kongedømet Granada. Det firkanta tårnet er ei hyllest til festninga i byen og er synleg frå mange stader i byen. Tårnet er kalla «Torre Alfonsina» etter kong Alfonso X av Castilla.