Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islandmagee: Til venstre Portmuck Island, i midten Ballylumford Power Station
Islandmagee (irsk Oileán Mhic Aodha) er ei halvøy på austkysten av County Antrim i Nord-Irland mellom byane Larne og Carrickfergus.
Av busetnadar på halvøya finn ein Ballystrudder, Portmuck, Mill Bay og Ballykeel, medan Brown's Bay er ein populær turistattraksjon. Her ligg det største kraftverket i Nord-Irland, Ballylumford.
Islandmagee er kjend for massakren som fann stad her i januar 1642, då fleire lokale katolikkar vart kasta utfor klippene og systematisk drepne i heimane sine. Ei gruppe protestantar tok hemn etter det irske opprøret i 1641 og gjekk frå hus til hus og tok livet av heile familiar.