Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kokhma (russisk Кохма) er ein by i Ivanovo oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Uvod, ei sideelv til Kljazma, rundt 10 km søraust for Ivanovo.
Busetnaden vart første gong nemnd i 1619 som landsbyen Rozjdestvenskoje-Kokhma (russisk: Рожде́ственское-Кохма). Han fekk bystatus i 1925.