Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elkana eller Elqana (hebraisk אלקנה, er ei israelsk busetjing og lokal kommune nordvest i Samariahøgdene på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1977. Folketalet er 3500 (2009). Elkana vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten, noko om israelske styresmakter ikkje godtek.[1][2]
Elkana ligg like aust for Den grøne linja og byen Rosh HaAyin.[3] Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda svingar austom Elkana, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.