Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gelderland er ein provins i Nederland som ligg sentralt i austlege delar av landet. Adminstrasjonssenteret er Arnhem, men dei to byane Nijmegen og Apeldoorn har fleire innbyggjarar. Andre store byar i provinsen er Ede, Zutphen, Doetinchem, Harderwijk, Wijchen og Tiel.
Den noverande provinsen Gelderland dekkjer om lag tre fjerdedelar av det historiske hertugdømet Geldern. Geldern var eit grevskap seint på 1000-talet og vart så eit hertugdømet i Det tysk-romerske riket og inkluderte òg delar av provinsen Limburg og det tyske landkreisen Kleve med byen Geldern, som opphavleg var setet for hertugane. Han var ein del av Habsburgs Nederland i 1543, som ein av Dei sytten provinsane, men var ikkje av dei rikaste eller tettast folkesette.
Gelderland består av følgjande 53 kommunar:
Desse kommunane vart slått saman med andre kommunar:
Desse kommunane vart slått saman og fekk nytt namn: