Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Analytisk kjemi er analyse av stoffprøvar for å finna den kjemiske samansetninga i dei.
Analytisk kjemi kan delast i to hovudtypar: kvalitativ analyse og kvantitativ analyse. Kvalitativ analyse prøver å finna kva type sambindingar eller grunnstoff prøven inneheld. I kvantitativ analyse er målet å finna mengda av eit stoff i prøven.
Det finst mange ulike teknikkar for å separera, påvisa og måla mengder av kjemiske sambindingar.
- For å påvisa ulike ion i ei løysning, kan ein prøva ein serie reaksjonar og sjå kva som skjer. Det kan vera at stoff fell ut eller vert løyst, eller ei løysning skiftar farge. Dette er ganske tungvint.
- Titrering gjev mengda av eit stoff ved måling av kor mykje av ein reagens som må tilsetjast for at alt stoffet skal reagera. Ofte trengst ein indikator for å finna ut når dette punktet er nådd.