Tyrihjelm er ein 1–2 meter høg art i soleiefamilien med store, handnerva blad og gråblå, hjelmforma blomar i lange klasar. I hjelmen på blomen sit to snabelforma honninggøymer på lange stilker.
Faktaboks
-
Også kjend som
-
torhjelm, lushatt, Aconitum lycoctonum ssp. septentrionale
-
Beskriven av
-
Johann Ludwig Christian Koelle
-
Raudlistestatus i Noreg
-
LC – Livskraftig
Heile planten, men særleg rota, er svært giftig (akonitin). Han veks i fuktige skoglier og fjell-lier frå Telemark til Troms, og på Vestlandet berre inst i fjordane. I folkemedisinen har han i små dosar vore brukt som smertestillande middel, og uttrekk av planten har mellom anna vore brukt mot skabb og lus.