Sirdalsvatnet er ein innsjø i Sirdal og Flekkefjord kommunar i Agder. Innsjøen ligg i Siravassdraget og er 18,8 km2, 53 moh. og 27 km lang.
Sirdalsvatnet strekkjer seg mellom tettstadene Sira i sør og Tonstad i nord. Langs nordlege del av austbreidda går fylkesveg 42 (Egersund-Evje-Arendal). Langs heile vestsida går fylkesveg 4210 (Osen-Tonstad).