Solund er ein kommune og øygruppe i Ytre Sogn, Vestland fylke. Solund var den minste kommunen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
I 1858 vart kommunen skild ut frå Gulen kommune, som då heitte Evenvik. I 1888 vart to mindre område overførte til kommunen, eitt frå Hyllestad og eitt frå Askvoll. I 1964 vart det meste av Solund slått saman med Brekke, og eit mindre område av Gulen. I 1890 skifta kommunen namn frå Utvær til Solen, før kommunen i 1923 fekk sitt noverande namn. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964 då Losna, den austlegaste øya, vart overført frå Gulen.
I Solund ligg Noregs vestlegaste punkt, Holmebåen nord for Utvær, 4° 29ʹ 57ʹʹ austleg lengd. Holmebåen er overfløtt ved høgvatn, og derfor blir heller den vesle øya Steinsøy vest i Utvær rekna som det vestlegaste punktet.