Sokndal kyrkje er ei stor krosskyrkje i tre frå 1803, og ho er ei av svært få kyrkjer i Noreg som er bygd i Louis-seize-stil. Kyrkja har eit særprega interiør, mellom anna ei altertavle av Peter Reimers (1608) og Gottfried Hendtzschel (1634), og dessutan ein praktfull preikestol som blei skoren av Anders Smith i 1666.
Jøssingfjord er kjend frå Altmark-saka i februar 1940, då det tyske forsyningsskipet Altmark blei borda av eit britisk marinefartøy og 300 krigsfangar blei frigjorde.
Ved Helleren i Jøssingfjord er ein buplass frå steinalderen. Under fjellhammaren ligg også to hus frå byrjinga av 1800-talet. Desse er freda og inngår i Dalane Folkemuseum.
I Rekeland, på Rossland gard, er det funne eit cirka 2000 år gammalt gudehovud, eit steinalter og eit blotingsskar. Segna fortel at alteret blei brukt til hesteofringar til guden Frøy. Det er også fleire skålgroper i nærleiken, ei hustuft, seks langhaugar og fem rundhaugar, også desse frå eldre jernalder. Kopiar av den såkalla Rosslandsguden (Gudehovudet) og blotingsskaret er utstilt ved garden, medan originalane står på Dalane Folkemuseum i Egersund.
Sokndal blei i 2005 kåra til Rogalands kulturkommune.
Kommunen er medlem i den internasjonale Cittaslow-rørsla.
På Krokheia, Hauge i Dalane, har Motorcenter Norway eit stort anlegg. Der finst det både ein racingbane, motocrosshall, gokartbane, dragstripe og eit offroadområde.
I Rekefjord er det verneverdig trehusbusetnad, og Litle Prestskjeret fyr ytst i fjorden er teke i bruk som besøksfyr.
I Nesvåg er det ei verneverdig rekke med sjøhus, og her er det også eit sjø- og motormuseum.