Notodden er ein tettstad i Notodden kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 7,3 km², og har 9071 innbyggjarar (2023).
Notodden er administrasjonssenter i Notodden kommune. Byen ligg i bakkane på begge sider av Tinnes utløp i Heddalsvatnet. Bysentrum ligg ovanfor elvebrekka på austsida av elva. Dei gamle industrianlegga til Norsk Hydro (Hydroparken) ligg nede på flata ved vatnet. Her ligg og jernbanestasjonen. Det nyare næringsområdet Tuven med Notodden flyplass en lagt noko lengre vest, nær Heddølas utløp i Heddalsvatnet.