Trass i manglande formell utdanning synte han seg som ein grunding og kunnskapsrik historikar. Han hadde ein klar stil og var ein framifrå forteljar. I trebandsverket Vårløysing (1922–1936), utgitt i ny utgåve i 1966, skildrar han den lågkyrkjelege lekmannsrørsla på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Han set vekkingane inn i eit vidt historisk og kulturhistorisk perspektiv, og kombinert med stor detaljrikdom gir dette inngåande innsikt i vekkingsrørsla sin fromleik. Verket er eit viktig bidrag til norsk kulturhistorie.
I boka To linor i norsk kyrkje-politikk (1923) tek han for seg forholdet mellom Den norske kyrkja og den kristne lekmannsrørsla. Sjølv om det kunne vere strid mellom statskyrkjelinja og lekmannslinja, meinte Handeland at samhøvet mellom dei var ein styrke for det norske kyrkje- og kristenlivet. Kongens Budbærere i seks band (1937–1943) er det største misjonshistoriske verket Handeland har publisert. Her skildrar han historia til den moderne internasjonale misjonsrørsla.
Sett med dagens historikarauge er det ei svakheit at han ikkje oppgav kjelder. Det er liten tvil om at han arbeida grundig med arkivkjelder og samla inn forteljingar frå misjonen, men dei er i avgrensa grad oppgitt i arbeida hans.