Odelssonen Leirfall voks opp i ei tid då det politiske tyngdepunktet skifta frå bygd til by. Arbeidarklassa voks, bøndene tente stadig mindre enn industriarbeidarane, og radikale idear utfordra bondekulturen. Bondestanden var på defensiven, og Leirfall arbeidde for å styrkje næringa gjennom kunnskap og organisering. Gjeldskrisa i 1920-åra ramma bøndene særleg hardt, og i 1931 var han med og stifta Bygdefolkets krisehjelp, for å hindre at bøndene måtte selje gardane på tvangsauskjon.
Kampen for bøndene galdt meir enn økonomi. Leirfall såg bonden i eit nasjonalromantisk perspektiv, som berar av ein særeigen kulturarv, som på 1900-talet var truga av internasjonale omveltingar og heimleg arbeidarklasse. Leirfall vart hærførar for bøndene, men klassekamp var han imot. På bygdene var det ikkje nødvendig med kamp, hevda han, for der var det ingen klassemotsetnader, bonden og tenestefolket hadde felles interesser.
Like fullt konstaterte han at Arbeiderpartiet fekk auka oppslutning på landsbygda, og utover i trettiåra gjorde han kampen mot klassekamp på bygdene til ei hovudsak. I 1936 drog han i gang vekebladet Bygdeungdommen. Det var eit mottrekk mot venstresida sitt populære Arbeidermagasinet, som han åtvara mot. Han ville mane ungdom til å tufte framtida på samhald og bygdekultur.