www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Faktaboks

Heðin Brú
Hans Jacob Jacobsen
Uttale
brəu:
Fødd
17. august 1901, Skálavík
Død
18. mai 1987, Tórshavn
Heðin Brú
Heðin Brú
Av /Postverk Føroya.

Heðin Brú var diktar-pseudonymet til den færøysk forfattaren og agronomen Hans Jacob Jacobsen.

Brú debuterte som forfattar i 1930 med oppvekstromanen Lognbrá («Luftspeiling»), som fem år seinare fekk fortsetjinga si med Fastatökur («Fast tak»). Til dagleg arbeidde han som landbruksrådgjevar på Færøyane frå 1928 til 1969.

Brú var ein framifrå språkkunstnar som på meisterleg vis skildrar natur og menneskesinn i bonde- og fiskarmiljø. Romanane og novellene hans klargjer samtidig dei sterke brytningane i det færøyske samfunnet i overgangen mellom bondesamfunn og fiskeidustrisamfunn. Den viktigaste er Feðgar á ferð (1940, Fattigfolk på ferde, 1964), men også i dei seinare romanane, som til dømes den historiske romanen Men lívið lær (1970, «Men livet ler»), finst stor språkkunst og innsikt i menneskeliv og samfunnsmekanismar. Den siste romanen hans, Tað stóra takið (1972, «Kraftanstrengelsen»), er ein kollektivroman som skildrar overgangen på Færøyane frå å vere eit stilleståande bondesamfunn til å verte eit hektisk fiskerisamfunn med lønnstakarar.

Brú omsette ei rekkje store forfattarar til færøysk, til dømes Emily Brontë, William Shakespeare og Fjodor Dostojevskij, i tillegg til nordiske forfattarar som Knut Hamsun, Henrik Ibsen, Astrid Lindgren og den danskspråklege landsmannen William Heinesen. Brú fekk Holberg-medaljen fra den danske forfattarforeininga i 1982. Han utga memoarboka Endurminningar («Minne») i 1980.

Bøker på norsk

  • Fattigfolk på ferde. Samlaget, 1964. Omsett av Ivar Eskeland
  • Krossvatn : noveller i utval. Noregs boklag, 1971. Omsett av Knut Skattebu
  • Fire noveller i antologien Færøyske fortellere. 1979
Feðgar á ferð
Det færøyske postverket utga i 2007 eit miniatyrark med 8 frimerke der motiva var henta frå Brús roman Fattigfolk på ferde.
Av /Postverk Føroya.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brønner, Hedin. Three Faroese Novelists : an appreciation of Jørgen-Frantz Jacobsen, William Heinesen, Heðin Brú. New York, 1973
  • Isaksen, Jógvan: Færøsk litteratur : introduktion og punktnedslag, 1993
  • Isaksen, Jógvan: Treð dans fyri steini : bókmentagreinir, 1995
  • Isaksen, Jógvan: Færøsk Litteraturs Historie 1298-1950. Marselius forlag, 2017
  • Jones, W. Glyn: "Types of determinism in the work of Heðin Brú [...]" i Skandinavistik 14 (1984), 21-35
  • Føreord i dei norske utgåvene

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg