Med eit skogareal på 81 prosent av totalarealet i kommunen er Birkenes ei av dei viktigaste skogbygdene i fylket. I 2021 hadde kommunen ei avverking på nesten 58 000 kubikkmeter; etter Lindesnes var dette den største skogavverkinga blant kommunane i Agder.
Det blir elles drive mykje jordbruk i kommunen, og Birkenes har etter Grimstad og Arendal det største jordbruksarealet blant kommunane i tidlegare Aust-Agder. Jordbruket er, som elles i Agder, dominert av husdyrhald, særleg storfe og sau. Det er også noko hønsehald. Vekta på husdyrhald viser igjen i at heile 91 prosent av den dyrka jorda i Birkenes er eng til slått og beite (2019).
Det er 2471 yrkesaktive personar i kommunen (2020). Berre vel tre prosent av desse jobbar i primærnæringane. I sekundærnæringane jobbar ca. 31,5 prosent. I tertiærnæringane jobbar cirka 65 prosent av dei yrkesaktive. Kommunen har ein stor industri, og dei viktigaste industribransjane etter sysselsetjing er gummi-, plast- og mineralsk industri med hjørnesteinsbedrifta 3B-Fibreglass Norway AS, trelast-/trevareindustri med Uldal AS, Foss Fabrikker AS og Scanflex A/S, og verkstadindustri, først og fremst i form av maskinindustri. Det meste av industrien finst i Birkeland. Her er det også ei rekkje bedrifter innan tenesteytande verksemd.
Birkenes har middels stor vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 114 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hanefoss (i drift fra 1961), som står for nesten heile vasskraftproduksjonen. Å Energi Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen
Nærleiken til den allsidige arbeidsmarknaden i Kristiansand-regionen har hatt mykje å seie for folketalsutviklinga i kommunen. I 2019 hadde 54 prosent av dei yrkesaktive som er busette i Birkenes, arbeid utanfor kommunen. Utpendlarane fordelte seg med 29 prosent i Kristiansand-området (etter dagens grenser og inkludert Vennesla), ti prosent i Lillesand, seks prosent til saman i Arendal og Grimstad, og i alt fire prosent på resten av Agder.