Av totalarealet i Time blir 44 prosent nytta til jordbruksføremål inkludert eng til slått og beite (2016). Som elles på Jæren blir det drive eit særleg intensivt husdyrhald, noko som blir spegla i bruken av jordbruksarealet, der det aller meste blir nytta til eng og beite. Åker og hage opptek såleis berre fem prosent av jordbruksarealet (2016). Time er blant dei fremste kommunane i landet etter husdyrhald. Dette gjeld både storfe, sau, svin og høns. Kommunen har ein særleg stor kyllingproduksjon. Det blir også drive noko hagebruk.
Trass i det store jordbruket sysselset industrien meir enn dobbelt så mange i Time. Av arbeidsplassane i kommunen utgjer såleis industrien 11 prosent, 21 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, mot fem prosent i primærnæringane (2016). Den klart viktigaste industribransjen er verkstadindustrien, med 87 prosent av dei industrisysselsette. Det aller meste av dette er i metallvare- og maskinindustrien (2015). Den store verkstadindustrien har i stor grad utspring i dyrkingstiltaka i siste halvdel av 1800-talet og første halvdel av 1900-talet, som kravde spesielle reiskapar og anna utstyr. Med bakgrunn i desse behova voks i mange tilfelle bygdesmier og liknande til fabrikkar som etter kvart har utvida produktspekteret sitt til avanserte landbruks- og anleggsmaskiner, i dei seinare åra også maskiner til industrien (mellom anna robotar) med stor eksport. Elles har Time noko næringsmiddel- og trelast-/trevareindustri med høvesvis fem og fire prosent av dei sysselsette i industrien (2015).
Bryne er regionsenter for Jæren og eit viktig handels-, service- og skulesenter. Kvernaland er ein stor tettstad på grensa til Klepp i nord, med eit variert næringsliv. Her ligg Kverneland ASA, som er Noregs største produsent av landbruksmaskiner.
Av dei yrkesaktive som er busette i Time, arbeider 62 prosent utanfor kommunen (2016). 34 prosent arbeider i Stavanger-området (Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola), 15 prosent i Stavanger åleine, og i alt 22 prosent i dei tre nabokommunane Hå, Klepp og Gjesdal.
Time har også stor innpendling, og i 2016 var halvparten av dei som hadde arbeid i Time, busette utanfor kommunen. Innpendlarane kjem særleg frå nabokommunane Hå, Klepp og Gjesdal. Dette gjeld 33 prosent av dei med arbeid i kommunen, medan 13 prosent kjem frå Stavanger-området (2016).
Jærbladet kjem ut tre gonger i veka på Bryne.