www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Enzym er enkle eller samansette protein som fortnar kjemiske prosessar, særleg i levande vesen, utan sjølv å bli påverka. Enzym speler ei avgjerande rolle i livsprosessane. Nesten alle celleprosessane treng enzym for å kunna gå føre seg i det omfanget som trengst.

Namnet enzym tyder eigentleg «i gjær», men blir i dag brukt om biologiske katalysatorar i alle slags organismar.

Ofte kan ein lavmolekylær del, koenzymet, skiljast frå ein proteindel, apoenzymet, og desse utgjer saman i laus sambinding det aktive enzymet. Ein skil mellom tre hovudgrupper av enzym:

  • Spaltande, som spaltar under medverknad av vatn og fosforsyre.
  • Transporterande, som overfører oksygen, hydrogen eller elektron
  • Isomerasar, som omdannar ein isomer til ein annan.

Sjå òg

endre