Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikna kommune er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Kommunen låg på kysten nord for fjorden Folda, og grensar til Flatanger i sør, til Nærøy i aust og til Leka i nord. Han bestod av i underkant 6000 øyar, holmar og skjer. Den største tettstaden og administrerande senter i kommunen var Rørvik som ligg på Inner-Vikna. Vikna og Nærøy kommunar blei slått saman til Nærøysund kommune den 1. januar 2020.
Det høgste punktet i kommunen var Vattafjellet på 173 meter over havet. Vikna hadde den lengste kystlinja i Noreg på 2460 km.[1]
Lauvøya og dei tre største øyane i den tidlegare kommunen er knytte saman med bruer via fylkesveg 770. Lokal flyplass, Rørvik lufthamn, Ryum, ligg sør på Inner-Vikna. Hurtigruta stoppar ved Rørvik.
Vikna var den største fiskerikommunen i Nord-Trøndelag, med mykje fiskeopprett og dei største mottaka av fisk i fylket. I nyare tider har fisket gått litt tilbake medan jordbruket har auka. Vikna har litt industri som i hovudsak er basert på fisket.
Ein vindmøllepart ligg på Husfjellet og har ein årsproduksjon på 6 GWh i snitt.[2]