www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kamerun: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag)
s Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida
s behagleg → behageleg
Line 7: Line 7:
Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske [[vêr]]regime. Det er få stader i verda som kan få så mykje [[nedbør]] som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg [[vind]] vert pressa opp av fjella ([[orografisk heving]]) i Kamerun og nabolanda. [[Douala]] sin årlege nedbørsnormal er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust [[regn]]ar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av [[den intertropiske konvergenssona]] (ITCZ). [[Yaoundé]] har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg [[vind]] og klår himmel.
Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske [[vêr]]regime. Det er få stader i verda som kan få så mykje [[nedbør]] som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg [[vind]] vert pressa opp av fjella ([[orografisk heving]]) i Kamerun og nabolanda. [[Douala]] sin årlege nedbørsnormal er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust [[regn]]ar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av [[den intertropiske konvergenssona]] (ITCZ). [[Yaoundé]] har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg [[vind]] og klår himmel.


Den smale stripa i Nord-Kamerun strekkjer seg inn i [[Sahel]]området. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behaglege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 °C før den sprett opp att i rundt 32 °C om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekkjer over 3000 m over havet.
Den smale stripa i Nord-Kamerun strekkjer seg inn i [[Sahel]]området. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behagelege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 °C før den sprett opp att i rundt 32 °C om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekkjer over 3000 m over havet.


== Språk ==
== Språk ==

Versjonen frå 29. mai 2019 kl. 20:14

Republic of Cameroon
République du Cameroun

(norsk: Kamerun, kamerunsk)

Det kamerunske flagget Det kamerunske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Chant de Ralliement»
Motto Fransk: Paix, Travail, Patrie, Engelsk: Peace, Work, Fatherland
(Fred, Arbeid, Fedreland)
Geografisk plassering av Kamerun
Offisielle språk Engelsk og fransk
Hovudstad Yaoundé
Styresett
Republikk
Paul Biya
Philémon Yang
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
475 440 km² (53.)
1,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
24 994 885 (52.)
52,6 /km² (126.)
Sjølvstende

  - Dato
Frå Frankrike og Storbritannia
1. januar 1960
Nasjonaldag 20. mai (Republikkens dag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
72 110 mill. USD (94.)
3 400 USD (155.)
Valuta CFA-franc (XAF)
Tidssone UTC +1
Telefonkode +237
Toppnivådomene .cm


Kamerun er ein stat i Sentral-Afrika, som har kyst mot Biafra-bukta som som har grense mot Den sentralafrikanske republikken, Kongo-Brazzaville, Gabon, Nigeria, Tsjad og Ekvatorial-Guinea.

Kart over Kamerun
Motiv frå den kamerunske hovudstaden, Yaoundé.

Klima

Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske vêrregime. Det er få stader i verda som kan få så mykje nedbør som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg vind vert pressa opp av fjella (orografisk heving) i Kamerun og nabolanda. Douala sin årlege nedbørsnormal er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust regnar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av den intertropiske konvergenssona (ITCZ). Yaoundé har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg vind og klår himmel.

Den smale stripa i Nord-Kamerun strekkjer seg inn i Sahelområdet. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behagelege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 °C før den sprett opp att i rundt 32 °C om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekkjer over 3000 m over havet.

Språk

Kamerun har om lag 280 ulike språk,[1] som høyrer til språkfamiliane nigerkongo-språk, afroasiatiske språk og nilosahariske språk. Offisiell status har berre dei tidlegare kolonispråka fransk og engelsk. I dei tre nordlegaste regionane er fulfulde viktigaste lingua franca, i resten av landet det engelskbaserte pidginspråket wescos.

Dei største byane i Kamerun

Sjå også Liste over byar i Kamerun.

Dette er dei største byar i landet, etter innbyggjartal:

  1. Douala - 1 310 400
  2. Yaoundé - 1 187 100
  3. Garoua - 411 100
  4. Kousséri - 333 300
  5. Bamenda - 327 000
  6. Maroua - 299 600
  7. Ngaoundéré - 185 700
  8. Bafoussam - 180 200
  9. Bertoua - 152 800
  10. Loum - 137 100

Regionar

Kamerun er delt inn i 10 regionar, som vist i tabellen under. Kvar region er delt inn i fleire departement.[treng kjelde]

Kamerunske provinsar med hovudstader og viktigaste offisielle språk
Region
(fransk namn)
Region
(engelsk namn)
Hovudstad Folketal (1987) Flatevidd
i km²
Folketettleik
per km²
Viktigaste
offisielle
språk[2]
Departement
Regionane i Kamerun.
1 Adamaoua Adamawa Ngaoundéré 495 185 63 691 8 fransk 5
2 Centre Centre Yaoundé 1 651 600 68 926 24 fransk 10
3 Est East Bertoua 517 198 109 011 5 fransk 4
4 Extrême-Nord Far North Maroua 1 855 695 34 246 54 fransk 6
5 Littoral Littoral Douala 1 352 833 20 239 67 fransk 4
6 Nord North Garoua 832 165 65 576 13 fransk 4
7 Nord-Ouest Northwest Bamenda 1 237 348 17 812 69 engelsk 7
8 Ouest West Bafoussam 1 339 791 13 872 97 fransk 8
9 Sud South  Ebolowa 373 798 47 110 8 fransk 4
10 Sud-Ouest Southwest  Buéa 838 042 24 571 34 engelsk 6

Fotnotar

  1. Jf. artikkelen Cameroon på Ethnologue.
  2. http://www.tlfq.ulaval.ca/axl/afrique/cameroun.htm
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kamerun
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.