www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhold

Humor som skapar bråk

Trudde du «Gauteshow» var drygt?

Helbilde av komikerne Gaute Berg Næss og Snorre Monsson. De sitter på en piano og ser rett i kamera med en alvorlig mine.

Geniale eller mobbarar? Dei siste månadene har det blitt sagt mykje om Gaute Berg Næss og Snorre Monsson.

Foto: NRK TV / NRK

«Gauteshow» slo ned som ei bombe i norsk offentlegheit tidlegare i år.

I første episode som blei sendt på NRK fekk artist Ella Marie Hætta Isaksen spørsmålet: «Seksuell vald, kva er det, slo han deg med pikken, liksom?».

Skjermdump fra TV-programmet Gauteshow. Tim Kristian sitter i sofaen som gjest, sammen med Ella Marie Hetta Isaksen.

«Gauteshow» har fått mykje kjeft. På premieren var mellom anna Tim Kristian og Ella Marie Hetta Isaksen gjester.

Foto: NRK TV

Seinare har humorprogrammet mellom anna tulla med kortvokste og pedofili.

Avisene har skrive om mobbing, diskriminering og krenking.

Talkshow-parodien er likevel ikkje aleine om å få sjåarar til å sette kaffien i halsen. Vi har samla fleire norske humoraugneblikk det blei mediesirkus av.

Meld til politiet

Ein komikar som har sytt for mykje ståk og styr i norsk offentlegheit er Otto Jespersen.

Komikar Otto Jespersen i lys skjorte og mørk jakke. Bildet er tatt i tv-programmet Torsdagsklubben, der han snakker og veiver med armene.

Otto Jespersen. Hardtslåande komikar som har fått mykje merksemd.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Mellom anna blei han skulda for jødehat, han blei trua på livet og meld til politiet for humoren sin.

Det blei stor oppstandelse i 2003 då Otto Jespersen sette fyr på det amerikanske flagget. Det skjedde i fjernsynsprogrammet «Torsdagsklubben» på TV 2.

Dessverre får vi ikkje vise klipp frå programmet, men det som skjedde var at Jespersen heldt ein ironisk monolog med eit USA-flagg i bakgrunnen. Jespersen agiterte for krigen i Irak i 2003, og tende eit lys for USA. Det enda med at flagget tok fyr.

Fleire sjåarar rasa. Otto Jespersen og TV 2 blei meld til politiet, saka blei seinare lagt bort.

Sjølv sa hovudpersonen at han ikkje klarte å ta saka alvorleg.

Puppestuntet

Synnøve Svabø herja som stuntreportar i NRK på 1990-talet. Ho skapte fleire overskrifter, ikkje minst då ho fekk Ap-leiar Thorbjørn Jagland til å ta henne på puppene.

Stuntet blei sendt i NRK-programmet «Weekend Globoid» i 1998, og blei straks mat for avisene.

Uforgløymeleg stunt frå Synnøve Svabø.

Men kva handla dette eigentleg om?

Jo. Tidlegare hadde Noreg fnist og fnyst av eit openbert manipulert bilete av popstjerna Janet Jackson og ein AP-politikar.

Faksimile av VG i 1997, med et manipulert bilde av Janet Jackson med AP-politiker Bendik Rugaas bak.

VG i 1997. VG avslørte at velgaraksjonen «Folk for Jagland» hadde leika seg med digitale verkemiddel og manipulert eit bilete av Janet Jackson og AP-politikar Bendik Rugaas.

Faksimile: VG

No var Janet Jackson i Noreg for å spele konsert i Oslo. Det var dit Synnøve Svabø var på veg, då ho heilt tilfeldig såg Thorbjørn Jagland.

Ho byrja å tenke på det manipulerte biletet, og bestemde seg for å gi Jagland ei utfordring.

– Han stod fram ikkje særleg mandig, han hadde akkurat snakka om at han likte lavendelbad og raudvin. Så eg ville gi Jagland høve til å vere litt macho, og hjelpe han å bryte barrieren på 36.9 prosent av stemmene, fortel ho.

Thorbjørn Jagland dansar med blomsterkrans på hovudet på Utøya i 1996. Han er omringa av blide menneske som smilar og klappar i hendene.

Thorbjørn Jagland dansar med blomsterkrans på Utøya i 1996. Same år definerte han det gode livet som raudvin og lavendelbad etter ein lang skitur.

Foto: Helge Hansen / NTB scanpix

Svabø hoppa ut av bilen og fekk Jagland med på ei etterlikning.

600 000 nordmenn fekk med seg stuntet. VG kåra Synnøve Svabø og Thorbjørn Jagland til TV-vinnarar den veka.

Samstundes blei det mykje presseoppslag. Svabø blei mellom anna skulda for å vere ei bølle, og Jagland skulda for puppegrafsing.

– Eg synest Jagland har fått ufortent mykje kritikk, dette var jo noko eg tvinga han til, seier Svabø.

Stuntet heldt fram å leve i avisene fleire år etterpå, ikkje minst då eit medlem i Arbeidarpartiet melde Svabø til politiet nokre år seinare.

– Eg blei meld til politiet for utukt mot Jagland, fortel Svabø.

Saka vart lagt bort.

Sjølve hendinga lever derimot vidare, ikkje minst fordi det blei pensum i samfunnsfag på vidaregåande.

– Det syntest dottera mi var veldig flaut.

Tissing på TV

I dag kjenner vi Bjarte Hjelmeland best som skodespelar, regissør, eller teatersjef. I 1996 var han programleiaren som sytte for at TVNorge-programmet «Mandagsklubben» blei tatt av lufta.

Årsak?

Mandagsklubben på TVNorge i 1996: Bjarte Hjelmeland (nedst til høgre), saman med Thomas Giertsen og Kari Gjæver Pedersen. Alle tre ser i kamera og smilar.

TV-trio i 1996: Bjarte Hjelmeland (nedst til høgre), saman med Thomas Giertsen og Kari Gjæver Pedersen i «Mandagsklubben».

Foto: NTB

Bjarte Hjelmeland hadde eit anstrengt forhold til vekebladet «Se og Hør», så han tissa, eller lét som han tissa, på eit eksemplar av vekebladet.

«Ingen plass for TV-rølp», skreiv Dagbladet. Programmet blei tatt av lufta.

Kyllingstuntet

Eit døme på humor som ingen skjønte var humor før lenge etterpå, var det såkalla kyllingstuntet til Bård Tufte Johansen.

Komikar Bård Tufte Johansen i gul kyllingdrakt løper på gata.

Bård Tufte Johansen i kyllingdrakt. Han brukte kyllingkostymet fleire gongar for å drive satire.

Foto: Morten Holm / SCANPIX

Vi må tilbake til 2002, og nok ein gong var AP-leiar Thorbjørn Jagland involvert.

TV 2 rapporterte frå Rikshospitalet, der Thorbjørn Jagland var innlagt etter eit anfall. Det blei sagt at Jagland trong fred og ro.

Midt i rapporten frå journalisten, dukka Bård Tufte Johansen opp, kaklande i eit kyllingkostyme. Kort tid etter drog han frå sjukehuset i ein NRK-bil.

Komiker Bård Tufte Johansen sitter i baksetet på en bil i kyllingkostyme. Han er på vei bort fra Rikshospitalet der han avbrøt en TV2 sending med høylytt kakling.

Bård Tufte Johansen på veg vekk frå Rikshospitalet etter å ha avbrote TV 2 si sending.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB

Stuntet førte til eit ramaskrik. Media kasta seg over saka, utan heilt å få med seg kva poenget var: mediekritikk.

Bård Tufte Johansen ville gjere narr av pressa og mediesirkuset rundt Jaglands sjukdom.

Noen stunt fører til bruduljer på bakrommet. Hvordan ble oppvasken etter kyllingstuntet?

Hugsar du kyllingstuntet? Du kan sjå det her.

Pressa likte det ikkje. Stuntet blei dømt nord og ned dei første dagane, og stempla som totalt feilslått.

Kringkastingssjefen var kjapt ute og beklaga både til Jagland og til TV 2.

– Eg hugsar at eg fekk beskjed om å be om orsaking, seier Johansen til NRK i dag.

Uforståeleg satire i Dagsnytt 18

Eit litt annleis døme på humor som folk ikkje skjøna var humor, var då Yousef Hadaoui blei kasta ut av nyheitsprogrammet «Dagsnytt 18».

Hadaoui skulle diskutere Humorprisen, men oppførte seg underleg i studio og kjefta mot ein usynleg person.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Sjå korleis Yousef oppførte seg i Dagsnytt 18.

Ingen skjøna noko som helst, og avisene skreiv villig vekk om komikaren som blei kasta ut av studio.

NRK måtte ut og be om orsaking til si eiga nyheitsavdeling.

Det viste seg at dette var eit planlagt stunt signert satireredaksjonen «Satiriks» i NRK. Satiriks-redaksjonen tulla med ulvedebatten i Noreg.

Grunnen til at Yousef Hadaoui oppførte seg rart, var at han snakka med ein fiktiv ulv som ingen kunne sjå før sketsjen blei sendt.

Yousef Hadaoui i Dagsnytt 18-studio

Ulvestuntet slik det blei i Satiriks.

Sketsjen gav litt meir meining når folk forstod at det var ein animert ulv Yousef snakka med. – Men folk trudde jo at eg var gal, fortel han.

Han legg til at stuntet fekk konsekvensar for han. Mellom anna blei folk meir skeptiske til å hyre han som programleiar.

Mullaløftet

I 2004 blei det rabalder fordi komikar Shabana Rehman gjorde noko tilsynelatande uskuldig: ho løfta ein mann.

Komikar Shabana Rehman står med hendene i sida, i raud kjole og smiler på scenen.

Shabana Rehman tidleg på 2000-talet, omtrent på den tida ho løfta terrormistenkte Krekar.

Foto: NTB

Det må seiast at dette ikkje var kva som helst slags mann.

Tidleg på 2000-talet var mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, ein godt kjend person i Noreg.

Han var mistenkt for terror, og Noreg ville utvise den tidlegare geriljaleiaren til Irak. Krekar sjølv tok avstand til skuldingane om terror.

I 2004 gav han ut sjølvbiografien «Med egne ord». Etter ein panelsamtale om boka, ville komikar Shabana Rehman sjekke om Krekar var like liberal som han hevda. Ho gjorde noko som skapte bråk:

Ho tok armane rundt Krekar og løfta han i vêret, til store protestar frå han sjølv.

Arkivklipp - bare 5 sekunder.

Sjå komikar Shabana Rehman løfte Krekar.

Rehman kalla det ein satirisk test, for å sjå om Krekar var med på spøken. Det var han altså ikkje.

Det blei ramaskrik i media, og nyheita gjekk verda rundt.

I eit intervju med Time Magazine sa Rehman: «Det beste med mullaløftet var at det gjorde det klart for nordmenn kva slags fridom dei verkeleg har, kva for verdiar dei har.»

Talkshow med Fredrik Skavlan.

Sjå Shabana Rehman snakke om mullaløftet i samtale med Fredrik Skavlan.

Jødesvin

Me har tidlegare nemnt ulvestuntet i Dagsnytt 18. NRKs satireredaksjon «Satiriks» har også sytt for fleire nyheitsoppslag, ikkje minst då dei tulla med antisemittisme.

I 2019 publiserte dei ein satirevideo der ein mann ikkje vil leggja ordet «jødesvin» i Scrabble.

Folk blei rasande. Klagane rann inn, fleire kalla den animerte sketsjen antisemittisk.

Skjermdump av animert skjetsj. En tegnet jødisk rabbiner sitter foran et Scrabble-spill, der bokstavene hans staver ordet "jødesvin".

NRK Satiriks sin «Jødesvin»-sketsj fekk massiv omtale i 2019.

NRK blei dessutan klaga inn til PFU (Pressens Faglige Utvalg) for brot på god presseskikk.

Det enda med at NRK trekte nettvideoen. PFU konkluderte likevel med at sketsjen ikkje var eit brot på god presseskikk.

Bråk etter KLM-kødd med krigsheltar

På 1970-talet kødda humortrioen Trond Kirkvaag, Knut Lystad og Lars Mjøen (KLM) med norske krigsheltar.

Det gjekk ikkje bra.

TV-publikummet likte ikkje å sjå karikaturar av krigsheltane som virra rundt i skogen og sprengde seg sjølve i staden for tyskarar.

Mange ergra seg over at KLM tulla med heltar frå krigen.

– Då var det mange sure miner i norsk presse, seier Lars Mjøen i dag.

Det hjelpte ikkje at sketsjen gjekk på TV 8 mai, som er frigjeringsdagen. Folk rasa og kringkastingssjefen måtte ut og be om orsaking.

Blackface i humoreality

Komikar Espen Eckbo har hatt stor suksess med humorreality før jul. Parodiane «Nissene på låven» og «Nissene over skog og hei» var begge suksessar då dei blei sendt. TVNorge har sendt seriane i reprise fleire gongar.

Ni år etter at «Nissene over skog og hei» blei sendt første gong, blei det bråk. Det handla særleg om karakteren Ernst Øyvind.

Komiker Espen Eckbo i rød nissedrakt, foran en låve. Det er snø på bakken. Eckbo spiller karakteren Ernst Øyvind fra humorreality-serien "Nissene over skog og hei".

Komikar Espen Eckbo som karakteren Ernst Øyvind i «Nissene over skog og hei».

Foto: Trond Solberg / VG

Kritikarane meinte dette var eit døme på blackface. Rasisme-skuldingane hagla, og debatten raste i norsk presse.

Etter fleire dagar med debatt tok TVNorge og Discovery til slutt programmet av lufta, berre for å bli skulda for å vere feige. Debatten gjekk nokre dagar til, før reality-parodien igjen blei publisert.

Kulturstrøm

  • Maria Mena har født

    Maria Mena (38) deler bilder av den nyfødte på sin Instagram torsdag. Hun skriver at «selv om han var punktlig så hadde han overhodet ikke hastverk».

    Den lille gutten heter Matteo Mena-Kleppa og kom søndag kveld 30. juni.

    Mena forteller at riene startet fredag ettermiddag, og at hun bøyer seg i støvet for alle kvinner som velger å føde flere enn én gang.

    Popstjernen takker alle på føden og barsel på Bærum sykehus.

    Maria Mena
    Foto: TV 2
  • Tragikomisk treretters

    – Den greske mesterregissøren Yorgos Lanthimos («Poor Things», «The Favourite») blander tragedie, komedie og noen herlig merkelige premiss i «Kinds of Kindness». Og stjernene Jesse Plemons, Emma Stone og Willem Dafoe smeller til med noen vidunderlig skrudde skuespillerprestasjoner som får skinne i velkomponerte motiv og snedige dialoger, skriver Filmpolitiets Sigurd Vik i sin anmeldelse av «Kinds of Kindness»

  • Musikerprisen til Henriette Eilertsen

    Henriette Eilertsen er tildelt Kongsberg Jazzfestivals musikerpris for 2024. Prisen på kr 200.000, og ble delt ut under jazzfestivalens åpning.

    – For første gang i prisens historie har prisvinneren fløyte som hovedinstrument og Henriette Eilertsen var den første som tok en bachelorgrad i jazzfløyte.

    – Årets prisvinner har også markert seg som organisator. Hun har startet opp og er kunstnerisk leder for «Ungdommens impro-orkester», og ikke minst var hun en av de som etablerte OJKOS (Orkestret for jazzkomponister i Oslo) i 2018, og hun både komponerer og arrangerer for dette bandet – som har vist seg å være et viktig kraftsentrum i norsk jazz og en utviklingsmotor for unge komponister og musikere, heter det i pressemeldingen fra Kongsberg Jazzfestival.

    Prisen blir delt ut til musikere som har markert seg sterkt på den norske jazzscenen. ‌ ‌ ‌ ‌