www.fgks.org   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhold

Vil at lærarar kan gripa inn fysisk: – Viktig å verna elevar og tilsette

Det skal likevel vera siste utveg, ifølge kunnskapsministeren. Elevorganisasjonen meiner forslaget er skummelt.

Russetid VS Eksamenstid

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner lærarar må kunna hindra at elevar forstyrrar undervisninga for andre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Regjeringa vil at tilsette i skolen skal kunna gripa inn fysisk for å hindra at elevar forstyrrar undervisninga eller kjem med verbale angrep.

– Verbale angrep og trakassering kan vere like alvorleg som fysisk vald, og det er viktig å verna elevar og tilsette mot dette.

Det seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

Dei nemner døme som at elevar kjem med nedsettande kommentarar eller skjellsord, at dei filmar eller oppfører seg trugande.

Nordtun seier lærarane også må ha høve til å hindra at nokre få elevar forstyrrar undervisninga så mykje at ho ikkje kan gjennomførast.

Men å gripa inn fysisk skal vere ei siste løysing når ikkje andre ting fungerer, ifølge regjeringa.

– Å gripa inn fysisk skal vera siste utveg. Ingen lærarar ønsker å komma i slike situasjonar. Difor er det veldig viktig at skulane jobbar førebyggande for å hindra at slike hendingar oppstår, seier kunnskapsministeren i pressemeldinga.

Tal frå januar viser at det har vore ein stor auke i vald mot lærarar.

Ut på høyring

Regjeringa sender no eit forslag på høyring om nye reglar i opplæringslova og privatskolelova.

Det kjem i tillegg til endringar som allereie er vedtekne av Stortinget, som går på at ein tilsett kan gripa inn fysisk mot elevar for å hindra skade på personar eller eigedom.

Les også Lærere skal få større mulighet til å gripe inn fysisk mot elever

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i Egersund

I mai sende regjeringa ut eit forslag på høyring om nye reglar for når lærarar kan gripa inn fysisk. Høyringsinnspilla dei fekk inn då, gjorde at regjeringa meinte det var behov for ei tilleggshøyring.

– Det som ligg på bordet no og som Stortinget skal ta stilling til, er om lærarar skal kunna gjera mot elevane sine det same som foreldra ville hatt anledning til å gjera mot barna sine, sa Nordtun til NRK då.

Elevorganisasjon kritisk

Påtroppande leiar for Elevorganisasjonen, Madelen Kloster, seier dei møtte regjeringa om det nye forslaget onsdag. Der gav dei klar beskjed om kva dei meinte.

Me er imot dette forslaget. Det er skummelt at me no dreier oss mot ein skule der elevar som utagerer verbalt, må handtera eit fysisk inngrep.

Madelen Kloster

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen er kritisk til regjeringa sitt nye forslag.

Foto: Hannah Baarøy

Ho meiner at mange lærarar ikkje kjenner eleven sin godt nok, og at det er mange barn som har opplevd ulike formar for overgrep, utan å fortelja om det.

– Læraren vil derfor ikkje vera klar over kvifor eleven utagerer, seier ho.

Leiaren meiner det er viktig for lærarar å sette grenser for kva som er lov å ikkje i eit klasserom, men at det burde bli etablert gjennom dialog, og ikkje fysisk makt.

Elevens kanskje største førebilete er læraren, og då er det skummel at ein skal sjå dei løysa utfordringar med fysisk makt, seier ho.

Utdanningsforbundet: – Klokt

Leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, seier til NRK at dei trur regjeringas forslag er ein god idé.

– Me trur det er klokt å laga formuleringar i opplæringslova som rammar inn ein form for fysisk inngriping i alt som går føre seg i dag. Det er viktig for elevane sin rettstryggleik, seier han.

Dei vil no bruka tid på å setta seg godt inn i framlegget, for å sikra at det er godt for både elevar og lærarar.

Òg Lektorlaget er nøgde.

– Trygge klasserom for alle er målet, og det krev aktiv innsats kvar dag. Iblant må lærarar likevel kunna gripa inn for å beskytta undervisninga og læringsmiljøet, heiter det i ei utsegn frå leiar Helle Christin Nyhuus.

Barneombod: – Ikkje løysinga

Barneombod Ivar Stokkereit er kritisk til at tilsette i skulen skal kunne gripa inn fysisk.

– Det er alvorleg at det stadig blir rapportert om meir uro og vald i skulen, men løysinga på dette problemet er ikkje å gi lærarar eit utvida mandat til å gripa inn fysisk mot elevar, det er å begynna i feil ende.

Stokkerei seier han er svært bekymra for at departementet no opnar for å gripe inn fysisk mot elevar som forstyrrar undervisninga.

– Å senka terskelen for å bruka makt og tvang mot elevar vil kunne auka bruken av fysisk makt i skulen, noko som vil vera svært uheldig, seier han.