Søndag ettermiddag stadfestar klubben at trenaren er på veg tilbake, i ei pressemelding.
Kontrakten varer ut året.
– Eg gler meg veldig til å komme i gang. Det blir spesielt å kome tilbake, og eg håper heile Ålesund og Sunnmøre kjenner si besøkelsestid på stadion dei komande månadene, då vi saman skal snu denne situasjonen rundt, skriv Kjetil Rekdal i pressemeldinga.
Geir Frigård er på plass som assistenttrenar.
Rekdal og Frigård kjem til Ålesund i løpet av nokre dagar, og då blir det tillyst ein pressekonferanse.
– Har den svolten vi ønskte
Rekdal var AaFK-trenar også i perioden 2008 til 2012, og i pressmeldinga listar AaFK opp kva det førte til: to cupgull og Europacup-spel tre år på rad.
– Kjetil og Geir har den energien og svolten vi ønskte, kombinert med ei solid erfaring frå fotballen og frå liknande situasjonar som klubben vår no står i, skriv konstituert dagleg leder Tarjei G. Omenås.
Elendig sesong
Dermed blir det ein mann mange kjenner frå før, som får oppgåva med å redde sesongen for Aalesund.
Aalesund har hatt ein elendig sesong i førstedivisjon, etter at dei rykte ned frå Eliteserien i fjor.
Etter det NRK forstår var også Eirik Bakke og Svein Maalen høgaktuelle kandidatar i sluttrunden.
Det var Sunnmørsposten som var først ute med å melde at Rekdal blir ny trenar i AaFK.
– Treng ein handlekraftig person
Aafk har arbeidd med å få ein ny trenar dei siste vekene, etter at Christian Johsen fekk sparken. Supporterklubben Stormen er godt fornøgd med resultatet.
– Vi treng nokon som kan gjere noko med AaFK, seier Daniella Baarholm i supporterklubben.
– Vi treng ein handlekraftig person, og det er nettopp det Kjetil Rekdal er. Han greier å motivere spelarane.
I fleire diskusjonsforum på nettet er det jubel blant supporterane for at ein trenarhelt vender tilbake.
Rekdal er 55 år, og har dei siste åra vore trenar for mellom andre Start, HamKam og Rosenborg.
Kan rykke ned til andredivisjon
Klubben har vore ute på ei heftig trenarjakt etter at dei sparka Christian Johnsen etter dårlege resultat i midten av juni.
Aalesund står i fare for å rykke ned til 2. divisjon med dei resultata dei har levert denne sesongen. Dei oransje har tatt berre ni poeng på tretten kampar
Mange ventar på meldinga om når Rekdal skal bli presentert som ny AaFK-trenar. Styreleiar Gunnar Haagensen skriv dette i ei melding til NRK:
– Ingen kommentar.
– Rett val for klubben
Fotballkommentator Rune Hustad i NRK Møre og Romsdal seier Kjetil Rekdal er eit rett val for klubben som har hatt ein elendig sesong.
Hustad trakk fram romsdalingen som ein heit kandidat tidleg i prosessen, men trudde det ville bli vanskeleg med tanke på forhistoria.
– Det skar seg verkeleg mellom dei då Rekdal måtte forlate klubben, men no har begge partar tydelegvis lagt dette bak seg. Då verkar dette veldig fornuftig, seier Hustad.
– Rekdal er rett mann
Christian Johnsen vart henta til AaFK då klubben sparka Lars Arne Nilsen i fjor. Men Johnsen og laget klarte ikkje å berge plassen i Eliteserien.
Kjetil Rekdal hadde ei høg stjerne blant supporterane med dei resultata han oppnådde med Aalesund. Danielle Baarholm i supporterklubben seier at spelarane manglar sjølvtillit etter det som har skjedd. Ho meiner dei treng ein type som Rekdal.
– VI føler med spelarane. Det er sikkert inga god kjensle å gå inn på stadion til kamp. Rekdal er rett mann, seier ho.