Kopervik er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 7,7 km², og har 11 700 innbyggjarar (2023).
Kopervik er administrasjonssenter i Karmøy kommune. Tettstaden ligg på austsida av øya Karmøy, ved munninga av den vel 1½ km lange Eidsvågen i Karmsundet. Den ytre delen av Eidsvågen, til vanleg kalla Vågen, utgjer hamna i Kopervik. Sør for Vågen ligg størstedelen av busetnaden og den korte Stangalandsvågen med småbåthamn. Tettstaden strekkjer seg tvers over Karmøy og omfattar òg Veavågen på vestsida.
Kopervik er den største tettstaden i Karmøy kommune og eit viktig handels- og kommunikasjonssentrum. Staden har omfattande industri som i stor grad er knytt til fiske og sjøfart, mellom anna fiskeforeidling, mekaniske verkstader og skipsbyggjeri, i tillegg til noko trevareindustri. I Kopervik har Kystverket losstasjon (Kopervik losstasjon), og her ligg Kopervik vidaregåande skule.